Underslag - straffutmåling. Spørsmål om samfunnsstraff

18.03.2004, HR-2004-00565-A, (sak nr. 2003/1632), straffesak, anke
Straffeloven § 255 jf, § 256
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ole Bjarne Hagen) mot A (advokat Erling O. Lyngtveit)
Bruzelius, Coward, Flock, Stabel og Gjølstad

A var agent for X-selskapet med oppgåve å tømme og drive service på speleautomatane til selskapet i sitt distrikt. Han blei etter kvart gripen av patologisk spelelidenskap og underslo i tidsrommet august 2002 - januar 2003 ca. 500 000 kroner. I tingretten blei han dømd til fengsel i 6 månader, mens lagmannsretten fastsette straffa til 180 timars samfunnsstraff. Lagmannsretten la vekt på den dømdes personlege tilhøve, under dette at han er rehabilitert frå lidenskapen sin, og at den krenkte ikkje tidlegare hadde gripe inn overfor han.

Påtalemaktas anke til Høgsterett blei teken til følgje, og straffa sett til fengsel i seks månader. Uttala at det grove underslaget galdt summar i ein storleiksorden langt over det minstenivået der Høgsterett har meint at det som hovudregel må nyttas fengselsstraff utan vilkår, og at det i saka ikkje låg føre slike heilt særeigne tilhøve som tilsa bruk av samfunnsstraff.
Til toppen