Valdtekt - seksuell omgang med kvinne som var ute av stand til å motsetje seg handlinga - Sakshandsaminga og straffutmålinga

14.01.2004, NH-2004-0053-A, (sak nr. 2003/1289), straffesak, anke
Straffeloven § 192 første ledd bokstav b
A (advokat Ivar Sveen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Anne Gro Aannensen Kleven)
Mitsem, Bruzelius, Gussgard, Flock og Gjølstad

Den dømde var i tingretten dømd til fengsel i eitt år (av dette seks månader på vilkår), og i lagmannsretten fengsel utan vilkår i åtte månader, for seksuell omgang med ei kvinne som ikkje kunne gjere motstand av di ho var rusa, trøytt og redd. Den seksuelle omgangen bestod i at han førte pekefingeren sin inn i skjeden til kvinna.

Sakshandsamingsanken til den dømde - at ankerettsmøtet i lagmannsretten ikkje var blitt utsett - førte ikkje fram. Dagen før ankerettsmøtet blei det lagt fram for formannen i retten ei sjukmelding for den tiltala. Høgsterett peika på at formannen i retten likevel måtte gjere ei konkret vurdering av om det låg føre gyldig fråværsgrunn, og det var ikke kritikkverdig at ankerettsmøtet ikkje blei utsett på dette stadiet. Den tiltala møtte til ankerettsmøtet, og framferda hans gav ikkje nokon grunn for retten til å ta spørsmålet om utsetjing opp. Det blei heller ikkje sett fram noko krav om utsetjing. Endeleg var det ingen sakshandsamingsfeil å tillate at den tiltala ikkje møtte etter at provføringa om skuldspørsmålet var avslutta. Anken til den dømde over straffutmålinga førte heller ikkje fram. Det blei vist til straffeskjerpinga ved lovendring 11. august 2000. Saka dreidde seg om eit tilhøve i det nedre sjiktet av bruksområdet for straffeføresegna, men overgrepet fann stad etter at den dømde - som midt på natta hadde tilbode kvinna skyss - stoppa bilen på ein aude stad. For den krenkte var overgrepet skremmande.
Til toppen