Valdtekt mot ei kvinne som sov - straffutmåling

14.01.2004, NH-2004-0078-A, (sak nr. 2003/1158), straffesak, anke
Straffeloven § 192
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Benedicte Hordnes)
Gussgard, Flock, Mitsem, Bruzelius og Gjølstad

Saka galdt eit tilhøve der den dømde skulle overnatte i bustaden til den krenkte og sambuaren hennar. Den krenkte og sambuaren sov i senga si da den dømde la seg bak kvinna og trengde inn i ho bakfra. Kvinna vakna, vekte sambuaren, og den dømde blei kasta ut av huset.

Gulating lagmannsrett fastsette ei straff på to år og seks månader for dette og for ei kjøring etterpå i rusa tilstand. Det var da lagt vekt på at den dømde i 1995 var dømd for ei valdtekt og eit valdtektsforsøk. Høgsterett opprettheldt straffutmålinga.
Til toppen