Var opplesing av politiforklaring i strid med EMK artikkel 6 nr. 1?

16.03.2004, HR-2004-00544-A, (sak nr. 2003/1026), sivil sak, anke
EMK artikkel 6 nr. 1
A (advokat Håkon Helle) mot B (advokat Nicolai Bjønness)
Oftedal Broch, Flock, Mitsem, Matningsdal og Gjølstad

A blei i byretten dømd til fengsel i 8 månader og til å betale oppreising til sambuaren B for å ha sett fram trugsmål under særs skjerpande omstende. Trugsmåla bestod i følgje tiltalevedtaket dels i å ha halde ein kniv mot halsen hennar og ha uttala "Jeg skal drepe deg", dels i trugande telefonbeskjedar. Han anka over skyldspørsmålet.

B, som hadde møtt som vitne for byretten, makta korkje å møte som vitne for lagmannsretten, trass utsetjingar, eller å gi vitneforklaring ved bevisopptak. Da saka til slutt blei gjennomført i lagmannsretten, blei det ut frå legeattest lagt til grunn at ho hadde gyldig forfall. Ved avgjerda av straffekravet blei politiforklaringane hennar ikkje kravd opplesne. Det blei sagt frifinningsdom i samsvar med den felles påstanden til partane. Ved avgjerda av oppreisingskravet blei politiforklaringane opplesne etter krav frå bistandsadvokaten. B blei tilkjend oppreising med 40 000 kroner. A anka til Høgsterett blant anna over saksbehandlinga - opplesing av politiforklaringane. Høgsterett fann at EMK artikkel 6 nr 3 bokstav d ut frå sin ordlyd ikkje galdt, fordi oppreising ikkje er ei skulding. Spørsmålet om det var høve til å lese opp politiforklaringane, måtte dimed avgjeras ut frå ei heilskapsvurdering etter artikkel 6 nr. 1 - rettvis rettargang. Bs politiforklaringar måtte sjås som dei heilt sentrale bevisa i saka. På den andre sida måtte det leggjas til grunn at helsetilstanden hennar gjorde det umogleg å skaffe bevisa på anna vis. Det var ikkje stønad for at forklaringa hennar var spesielt lite truverdig på grunn av helsetilstanden hennar. Ho hadde fasthalde opplysningane frå politiforklaringa i tingretten. Dei blei også understødde av opplysningar ho hadde gitt til helsepersonell. Det fans utskrift av telefonmeldingane, som - sjølv om A hevda dei var blitt misforstått - klart underbygde forklaringa hennar. Endeleg blei det peika på at det å nekte å leggje politiforklaringane fram lett ville leie til at B ville bli fråteken sjansen til ei rettvis domstolprøving av kravet sitt. Også retten hennar til ein rettvis rettargang måtte det takas omsyn til. Etter dette meinte Høgsterett at saksbehandlinga i lagmannsretten hadde vore korrekt.
Til toppen