Bergelønn

14.12.2004, 2004/951
§ 446 (bergelønn)
Troms Fylkes Damskibsselskap ASA mot Sira Tank KS/If Skadeforsikring NUF og Norske Shell AS
Bruzelius, Tjomsland, Coward, Mitsem og Gjølstad

Saka galdt krav på bergelønn. Det sentrale spørsmålet var om M/T "Norsk Viking" 4. april 2000 i Hjeltefjorden var "i fare" slik at eigarane av skipet og lasta plikta å betale bergelønn til M/T "Senja". "Norsk Viking" - ein fullasta kysttankar - var på veg sørover i Hjeltefjorden utanfor Bergen da skipet fekk maskinproblem. "Senja" - også ein fullasta kysttankar - var på veg nordover i fjorden. I samband med at skipa passerte kvarandre, kalla "Norsk Viking" opp "Senja" og opplyste at fartøyet hadde problem, og at "Senja" kunne gå føre. Det blei spurt om "Norsk Viking" trong assistanse, men dette blei det takka nei til. "Norsk Viking" hadde på dette tidspunktet lagt seg i ein babord sving i leia.

Klokka 08.35 blei hovudmotoren på "Norsk Viking" stoppa. Kl. 08.40 fekk brua informasjon om at skaden på giret var lokalisert. Samstundes blei "Senja" oppmoda om assistanse. Dette fartøyet var framme ved "Norsk Viking" kl. 09.00, og hadde fått om bord trosser frå "Norsk Viking" kl. 09.05. Slepet var stramt og begynte ca 10-15 minutt seinare. Skaden på giret var reparert i løpet av ein time, og "Norsk Viking"s hovudmotor blei starta opp igjen kl. 10.55. "Senja" kravde bergelønn. "Norsk Viking" meinte det var ytt assistanse og tilbydde godtgjering for det - etter kvart stipulert til kr 100 000. Tingretten tilkjende bergelønn, mens lagmannsretten kom til at "Norsk Viking" ikkje hadde vore i fare og tilkjende den omforeinte godtgjeringa for assistanse. Mykje talar for at også tingretten hadde meint at "Norsk Viking" ikkje hadde vore i nokon objektiv fare. Retten uttala at spørsmålet om rett til bergelønn skal vurderas ut frå "hvordan situasjonen fortonte seg for de personer som var involvert der og da, og ikke vurdert i ettertid". Høgsterett la under tilvising til Rt. 1996 side 907 og Rt. 1999 side 74 til grunn at det berre er skip som objektivt sett er i fare som kan vere gjenstand for berging. Utsegner i avgjerda frå 1999 framstår som presisering og utdjuping av bevistemaet ved vurderinga av om faren var reell, og ikkje som ei endring av den rettslege norma. Ut frå ei gjennomgåing av prova i saka kom Høgsterett til at det ikkje låg føre nokon objektiv fare for "Norsk Viking" da slepet blei etablert. Det omstendet at mannskapet på "Senja" oppfatta situasjonen som dramatisk, blei ikkje gitt vekt, jf. Rt. 1996 side 907.
Til toppen