Forsikringsoppgjer etter ran av ein pengetransport

14.10.2004, HR-2004-01719-A, (sak nr. 2004/572), sivil sak, anke
Forsikringsavtaleloven § 4-11
Vesta Forsikring AS (advokat Erik Blaker) mot Aurskog Sparebank, Blaker Sparebank (advokat Bjørn Brodwall)
Øie, Utgård, Coward, Rieber-Mohn, Gjølstad

Ein pengetransport frå Auticon Transport AS blei 2. november 2001 rana for 3,475 millionar kroner. Pengane, som hørte til Aurskog Sparebank og Blaker Sparebank, har ikkje seinare kome til rettes. Transportselskapet hadde verditransportforsikring og ansvarsforsikring i Vesta Forsikring AS. Sparebankane kravde tapet sitt dekt av forsikringsselskapet, som nekta å utbetale erstatning. Høgsterett fann, i motsetning til dei to tidlegare rettane, at bankane hadde tapt retten sin til erstatning.

Vesta Forsikring AS og Auticon Transport AS hadde avtalt at verditransportforsikringa skulle gjelde på standard varevilkår, og at sikringsforskrift FG 130:1 skulle følgjas. Ved grov aktløyse braut transportselskapet sikringsforskrifta. Hadde forskrifta blitt følgd, ville ranet ha vore unngått. Vilkåra for fullt bortfall av forsikringa hadde difor vore oppfylte overfor transportselskapet, jf. forsikringsavtaleloven § 4-8. Høgsterett la til grunn at sparebankane måtte identifiseras med transportselskapet, jf. § 10 i dei avtalte standardvilkåra. Føresegna var gyldig avtalt i medhald av forsikringsavtaleloven § 4-11 tredje ledd. Det var ikkje grunnlag for å forstå tredje ledd slik at identifikasjon berre kan avtalas når ei handling eller unnlating er gjort av personar innanfor den eigne organisasjonen til den sikra. Avtalevilkåret var heller ikkje i strid med avtaleloven § 36. Avkortingsregelen i forsikringsavtaleloven § 4-8 måtte føre med seg at kravet til sparebankane på erstatning fall bort i sin heilskap. Heller ikkje ansvarsforsikringa eller erstatningsgrunnlag utanfor kontrakt gav bankane krav på erstatning.
Til toppen