Skadebot etter trafikkulykke

25.11.2004, HR-2004-01955-A, (sak nr. 2004/755), sivil sak, anke
bilansvarslova § §§ 4 og 6
If skadeforsikring NUF (advokat Jørgen Svartebekk) mot A (advokat Erik Johnsrud)
Utgård, Oftedal Broch, Rieber-Mohn, Mitsem, Lund

A hadde etablert eit selskap i skiltbransjen, X Skilt og Design AS. På skadetidspunktet hadde han 66 prosent av aksjane, medan broren hadde resten. Frå 1996 og til i dag har selskapet hatt mellom 3 og 5 årsverk, men A har vore nøkkelmedarbeidar. I 1997 vart A skadd i ei trafikkulykke, som If Skadeforsikring NUF har godteke ansvar for etter bilansvarslova. A har fått dekt tapte lønsinntekter som tilsett i X. Lagmannsretten kom til at han også hadde krav på å få dekt tap i framtidig utbetaling av aksjeutbyte, etter som skaden reduserte verdiskapinga i X ut over det A hadde som lønsinntekt. Ut frå dette førte X sitt subsidiære søksmål ikkje fram. If anka denne avgjerda til Høgsterett, og X anka også for det tilfelle at Høgsterett skulle kome til at A ikkje personleg hadde krav på skadebot.

Høgsterett - eit fleirtal på tre dommarar - kom til at A ikkje hadde krav på dekning for tapt framtidig aksjeutbyte som følgje av redusert verdiskaping i selskapet etter at A var skadd. Det vart vist til at utgangspunktet må vere at ein direkte skadeliden kan krevje dekt det tapet som rammar han sjølv, og ikkje det tapet som rammar andre. Eit aksjeselskap er eit sjølvstendig rettssubjekt, også der selskapet har eine- eller hovudaksjeeigar. Etablering av eit aksjeselskap har ein del konsekvensar i ulike retningar, og også ein hovudaksjeeigar må ta følgjene av den selskapsforma som er valt. Fleirtalet fann at heller ikkje X kunne ha krav på skadebot. Det vart vist til rettspraksis om tredjemannstap. Fleirtalet viste til at arbeidsgivaren var nærast til å bere ein risiko av dette slaget, og at ein arbeidsgivar hadde for veik tilknyting til personskaden til at han kunne ha skadebotvern. Også i dei tilfella der det var nær tilknyting mellom eit selskap og ein hovudaksjeeigar, ved at denne var nøkkelperson i selskapet, må selskapsdanninga ha følgjer. Mindretalet - to dommarar - meinte at A måtte ha skadebotvern for kravet. Han ville fått skadebot om han hadde drive som einskildpersonføretak, noko han gjorde fram til 1995. Omdanninga til aksjeselskap kunne ikkje avskjere kravet om skadebot. Ordlyden i skadebotlova § 3-1 stengjer ikkje for slik dekning. Det avgjerande måtte vere karakteren av interessetilknyting mellom eigaren og verksemda. At selskapsforma er avgjerande i ein del andre samanhengar, kan ikkje endre dette. Etter mindretalet sitt syn måtte såleis den konkrete og nære tilknytinga som var mellom A sin innsats og overskotet i X, føre til skadebotvern for det tapet A leid som følgje av at overskotet vart redusert. Ut frå dette kom mindretalet til at A hadde krav på skadebot, og det var då ikkje nødvendig å ta standpunkt til det subsidiære kravet frå X. Mindretalet uttala likevel at det var urimeleg når fleirtalet ikkje berre ville nekte A skadebot men også kom til at selskapet - som tapet direkte ramma - var utan skadebotvern.
Til toppen