Spørsmålet om eit gebyrvedtak for deling av fast eigedom var gyldig

26.10.2004, HR-2004-01789-A, (sak nr. 2004/678), sivil sak, anke,
delingsloven § 5-2
AS Selvaagbygg (advokat Heikki Giverholt) mot Lørenskog kommune (advokat Christian Stang Våland)
Øie, Bruzelius, Stabel, Flock, Gussgard

For frådeling av eit areal på ca. 356 dekar påla Lørenskog kommune AS Selvaagbygg å betale eit behandlingsgebyr på 1 144 202 kroner. Tingretten meinte at gebyret var ugyldig, mens lagmannsretten frifann kommunen. Fleirtalet i Høgsterett fann at gebyrvedtaket var ugyldig.

Gebyret var fastsett etter gebyrregulativet i kommunen, jf. delingsloven § 5-2. Loven gir inga anvising på korleis gebyra skal bereknas. Førearbeida kneset eit prinsipp om sjølvkost. Fleirtalet forstod førearbeida slik at fastsetjinga av gebyret for den enkelte arealklassa skal ta utgangspunkt i dei gjennomsnittlege utgiftene ved deling av eigedomar av vedkommande storleik for å komme så nær dei faktiske utgiftene for den enkelte arealklassa som mogleg. Eit gebyrsystem som ikkje tek omsyn til gjennomsnittskostnadene, vil kunne føre til at gebyra for ei arealklasse dekkjer ein uhøveleg stor del av dei samla utgiftene med forretningane. Ei slik fordeling av utgiftene ligg etter synet til fleirtalets utanfor føremålet med gebyrreglane og krev klar heimel i lov. Slik heimel ligg ikkje føre. Slik fleirtalet såg det, er ikkje dette eit område der omsynet til sjølvråderetten i kommunen og skjønnsutøvinga kan stå sentralt. Kommunane må ha eit visst spelerom ved utrekninga av gjennomsnittskostnadene. Men etter synet til fleirtalet går det ei grense for kor store gebyr ei arealklasse kan påleggjas utan at kommunen kan dokumentere at dei gjennomsnittlege utgiftene for vedkommande klasse er tilsvarande store. Er denne grensa broten, og kommunen heller ikkje nyttar dispensasjonsretten sin, er gebyret ugyldig. Fleirtalet meinte at den nemnde grensa var broten i den konkrete saka. Mindretalet - dommarane Bruzelius og Stabel - meinte at gebyret var gyldig under tilvising til at kommunen i utgangspunktet må stå fritt i valet av kriterium for fordelinga av sjølvkosten mellom brukarane.
Til toppen