Fartsbrot - Straffutmåling - spørsmål om samfunnsstraff

17.11.2004, HR-2004-01914-A, (sak nr. 2004/1482), straffesak, anke
Vegtrafikkloven §31, 1. ledd jfr. § 5 første ledd, jf. annet ledd, jf. skiltforskriften § 8
A (advokat Loretnz Stavrum) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Morten Holmboe)
Mitsem, Utgård, Oftedal Broch, Rieber Mohn og Lund

A, fødd i 1978, blei ved tilståingsdom i Oslo tingrett dømd til 18 dagars fengsel på vilkår og ei bot på kr. 15.000 for å ha kjørt personbilen sin i 102 km/t i ei 50-sone. Etter anken frå påtalemakta, blei fengselsstraffa gjort vilkårslaus mens bota fall bort.

As anke til Høgsterett over straffutmålinga blei forkasta. Høgsterett peika på at rettspraksis har etablert grenser for når eit fartsbrot vert vurdert som så grovt at det i utgangspunktet fører til fengsel utan vilkår. I ei 50-sone ligg grenseområdet i overkant av 90 km/t. Det kan vere rom for å reagere med samfunnsstraff ved eit brot ned mot grenseområdet. Men i dette tilfellet var farten så høg at det ikkje var grunnlag for nokon annan reaksjon enn fengsel utan vilkår. Tilståinga til den dømde kunne ikkje få nemneverdig vekt.
Til toppen