Fartsoverskriding i 100-sone. Straffutmåling. Samfunnsstraff.

17.11.2004, HR-2004-01915-A, (sak nr. 2004/1416), straffesak, anke
Straffeloven § 28 a
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Morten Holmboe)
Utgård, Oftedal Broch, Rieber-Mohn, Mitsem og Lund

A var ved tilståingsdom i Oslo tingrett dømt til ei straff av fengsel i 14 dagar for å ha køyrt med ei fart av 156,69 km/t på motorvegen mellom Oslo og Gardermoen. Køyringa skjedde tidleg om morgonen, i godt ver, med tørr vegbane og med gode køyretilhøve. A anka til lagmannsretten over straffutmålinga, men anken vart forkasta. Han anka vidare til Høgsterett, og gjorde særleg gjeldande at det burde givast dom på samfunnsstraff.

Høgsterett tok utgangspunkt i at ved grove fartsoverskridingar er straffa etter praksis fengsel utan vilkår, med mindre det ligg føre særlege omstende. Ut frå at det her var tale om køyring på motorveg klasse A med fartsgrense 100 km/t, og ut frå samanhengen med praksis i saker der fartsgrensa er 90 km/t, uttala Høgsterett at det til vanleg ikkje er ein tilstrekkeleg reaksjon med fengsel på vilkår når farten er 155 km/t eller meir. Høgsterett viste så til at det reint allment er eit siktemål med overgangen frå samfunnsteneste til samfunnsstraff, at den nye ordninga skal brukast i større omfang enn tidlegare. Dette har mellom anna vore gjort i saker om trygde- og sosialbedrageri. Det er ikkje noko i førearbeida som talar mot bruk av samfunnsstraff i fartssaker. Det vart peika på at fartsoverskriding fører til monalege konsekvensar for den domfelte. Ikkje minst gjeld dette ved tap av førarrett og eventuelt krav om ny førarprøve. I lys av dette og ut frå ønskjet om meir bruk av samfunnsstraff, fann Høgsterett at denne reaksjonen burde nyttast her. At domfelte var 33 år, tidlegare ikkje straffa og i fast stiling, kunne ikkje hindre dette. Straffa vart etter dette sett til 36 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 90 dagar.
Til toppen