Grovt aktlaus valdtekt - straffutmåling

14.10.2004, HR-2004-01720-A, (sak nr. 2004/1270), straffesak, anke
strl. § 192 fjerde ledd, jf. første ledd bokstav a
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst.statsadvokat Petter Mandt)
Rieber-Mohn, Øie, Utgård, Coward, Gjølstad

A blei i tingretten frifunnen etter ein tiltale for forsettleg valdtekt, utført ved tre høve same kveld. Tingretten frifann også for grovt aktlaus valdtekt. For lagmannsretten blei tiltalen endra ved at overgrepa, som blei sett på som eit samanhengande straffbart tilhøve, blei subsumert som grovt aktlaus valdtekt.

Lagmannsretten dømde A til ei straff av fengsel i 1 år, av dei 6 månader på vilkår, for grovt aktlaus valdtekt. For Høgsterett låg berre spørsmålet om straffutmålinga føre, og det låg ikkje føre rettleiande rettspraksis om straffenivået ved grovt aktlaus valdtekt, som blei gjort straffbar i 2000. I førearbeida var det også få haldepunkt, bortsett frå at den aktlause valdtekta måtte dømmas mildare enn den forsettlege, og øvre strafferamme blei sett til fengsel i 5 år - halvparten av den som gjeld for den forsettlege. Høgsterett fann at det alminnelege straffenivået for den grovt aktlause valdtekta må liggje markant lågare enn ved forsettleg valdtekt, og at dette også må gjelde når det ligg føre medviten aktløyse som nærmar seg forsettsgrensa, og der også den seksuelle omgangen ligg nær samleiedefinisjonen. Den konkrete straffa blei under omsyn til omstenda i saka, der den krenkte var vel 15 år gammal og den dømde litt over 18 år, og den dømde dessutan var umoden og prega av psykiske reaksjonar etter farens nylege sjølvmord, sett til fengsel i 8 månader, av dei 120 dagar utan vilkår og resten på vilkår.
Til toppen