Innehaving av barnepornografi - straffutmåling

20.10.2004, HR-2004-01761-A, (sak nr. 2004/989), straffesak, anke
straffeloven § 204 første ledd bokstav d
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Bjørn Enoksen Ristesund) mot A (advokat John Christian Elden), A mot Den offentlege påtalemakta
Stabel, Tjomsland, Flock, Øie, Gussgard

A blei i tingretten dømd for brot på straffeloven § 204 første ledd bokstav d til fengsel på vilkår i 90 dagar og ei bot på 15. 000 kroner. Etter anke frå påtalemakta gjorde lagmannsretten 15 av dei 90 dagane utan vilkår, og bota fall bort. Påtalemakta anka til Høgsterett over straffutmålinga, og A anka imot. Saka galdt 529 bilete og 39 filmfilar med til dels grovt innhald.

Høgsterett sette straffa til fengsel i 90 dagar, av dei 60 dagar på vilkår. Materialet var etter måten stort. Sjølv om dei fleste bileta var såkalla poseringsbilete, hadde 69 av bileta eit til dels grovt innhald under kategorien vald/tvang/penetrering, og i alle fall ein av filmfilane hadde eit svært grovt innhald. Det galdt innehaving utan vidare distribusjon. Det var heller ikkje betalt noko for bileta, som A hadde lasta ned frå gratismateriell på ulike barnepornografiske nettstader. Også slik bruk måtte sjås som ei oppmuntring til å oppretthalde marknaden. Den sosiale fordømminga ved at tilhøvet ville bli kjent som følgje av soning av fengselsstraff, kunne ikkje tilleggjas stor vekt. Derimot blei det lagt ei viss vekt på at ein tilståingsdom - som A ønskte - ville gitt raskare behandling.
Til toppen