Narkotika - straffutmåling

21.12.2004, HR-2004-02105-A, (sak nr. 2004/1658), straffesak, anke
Straffelova § 162 første ledd jf. femte ledd
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Bjørn Kr. Soknes)
Utgård, Oftedal Broch, Gjølstad, Tjomsland og Schei

Saka gjaldt straffutmåling etter domfelling for kjøp av ca. 180 gram amfetamin, forsøk på erverv av ca. 100 gram heroin og bruk av amfetamin. Straffa var i lagmannsretten sett til fengsel i 3 år.

Det alvorlegaste tilhøvet i domfellinga, gjaldt forsøk på erverv av 100 gram heroin. Høgsterett viste til to tidlegare dommar for litt mindre kvantum, der straffa var sett til fengsel i høvesvis tre år og to år og åtte månader. Domfelte måtte reknast som hovudmann. Han hadde gitt pengar til den som skulle gjennomføre sjølve kjøpet, og det var meininga at han seinare skulle ha heroinen for vidaresal med profittmotiv. I utgangspunktet ville eit slikt erverv av 100 gram heroin gitt ei straff av fengsel i bortimot 4 år. Seljaren lurte den som kom med pengane, slik at heroinen ikkje vart levert. Det var dermed tale om forsøk, og utgangspunktet på fengsel i bortimot 4 år måtte dermed reduserast noko. Erverv av 180 gram amfetamin ville åleine ha gitt ei straff av fengsel på om lag eitt år og seks månader. Det skulle skje ei samla vurdering og ikkje ei summering. Høgsterett la til grunn ei samla straff på fengsel i om lag fire år, før konsekvensane av at saka hadde vorte gammal, skulle vurderast. Dei strafflagde handlingane fann stad i januar og februar 2001. Saka var ferdig etterforska hausten 2001. Det var tale om ei forseinking, først og fremst hos politiet men dels også hos statsadvokatane, på godt over to år. Domfelte kunne ikkje tilskrivast noko av denne forseinkinga. Høgsterett kom, slik lagmannsretten hadde gjort, at dette måtte føre til at straffa burde setjast ned til fengsel i tre år. Anken vart etter dette forkasta.
Til toppen