Seksuell omgang med 12-årig dotter - straffutmåling

09.01.2004, NH-2004-0034-A, (sak nr. 2003/1344), straffesak, anke
Straffeloven § 195
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jørn S. Maurud)
Lund, Oftedal Broch, Stabel, Rieber-Mohn og Dolva

Saka galdt straffutmåling for den seksuelle omgangen den dømde hadde hatt med den tolvårige dottera som han hadde fått samvær med etter ikkje å ha hatt kontakt med henne sidan ho var fire år. Under eit besøk hos systera til den dømde sov far og dotter i same dobbeltseng.

Ved eitt høve begynte den dømde å stryke ho, først over håret, og sidan oppover låra. Han drog opp nattskjorta hennar og beit ho i brystvortene. To-tre gonger førte han handa inn under trusa hennar og rørte ein finger inn mellom kjønnsleppene. Lagmannsretten omtala dette som masturbasjon. Som tillitsbrot fekk overgrepet sin særlege karakter ved at det blei gjort da ho, etter mange års åtskiljing frå faren, var i ferd med å opparbeide eit tillitsforhold til han og familien hans. Overgrepet førte til at kontakten med faren og familien hans blei broten. I likskap med tingretten og lagmannsretten sette Høgsterett straffa til fengsel i 9 månader
Til toppen