Straffutmåling for innehaving av barnepornografi

20.10.2004, HR-2004-01762-A, (sak nr. 2004/1006), straffesak, anke,
straffeloven § 204 første ledd bokstav d
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadv. Bjørn Enoksen Ristesund)
Stabel, Tjomsland, Flock, Øie, Gussgard

Saka galdt straffutmåling for innehaving av barnepornografi. A blei, etter å ha vore frifunnen i tingretten, i lagmannsretten dømd til fengsel i 90 dagar, av dei 60 dagar på vilkår for brot på straffeloven § 204 første ledd bokstav d. Brotet galdt nedlasting av ca. 2500 bilete og 398 videosnuttar med barnepornografisk innhald. Bileta blei skildra som å framstille jenter under 18 år, dei fleste i 12-18 års alderen, men også nokre av yngre jenter. Han anka til Høgsterett over straffutmålinga.

Høgsterett kom til at lagmannsretten ikkje hadde nytta rett straffeføresegn på tilhøvet. Brotet blei gjort i perioden før 29. august 2002, og straffeloven § 204 hadde da ingen legaldefinisjon av omgrepet barn. Ut frå førearbeida var den seksuelle lågalderen på 16 år eit utgangspunkt for vurderinga av om kjønnsmogningsprosessen var fullført. Først ved lovendring 1. august 2003 blei det innført ei øvre aldersgrense på 18 år. Det gjekk fram av dommen til lagmannsretten at det var denne definisjonen som var nytta, og dette var da ein feil ved lovbruken. Omfanget av det straffbare tilhøvet var difor eit anna enn det lagmannsretten hadde lagt til grunn. Høgsterett fann ikkje å ha grunnlag for å vurdere straffutmålinga, og oppheva ordskurden til lagmannsretten med ankeforhandling.
Til toppen