Straffutmåling ved grovt fartsbrot

17.11.2004, HR-2004-01913-A, (sak nr. 2004/1367) straffesak, anke
Vegtrafikkloven §31 jfr. skiltforskriften § 8
Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Morten Holmboe) mot A (advokat Lorentz Stavrum)
Oftedal Broch, Rieber Mohn, Mitsem, Utgård og Lund

Den dømde, som var 18 år, hadde kjørt i 151 km/t i ei 80-sone. I lagmannsretten blei han dømd til samfunnsstraff i 30 timar. Høgsterett uttala at det ved fartsbrot har utvikla seg nokså klare grenser for når eit brot er så grovt at det bør føre til fengsel utan vilkår. I ei 80-sone er dette 130 km/t med mindre heilt særlege formildande omstende ligg føre. Sjølv om det kunne vere rom for å reagere med samfunnsstraff ved brot ned mot grensa for fengsel utan vilkår, måtte resultatet ganske klart bli fengsel utan vilkår, når det som her dreidde seg om ein fart av 151 km/t.

Ved straffutmålinga låg ingen spesielle omstende føre, og straffa blei sett til fengsel i 18 dagar. Saka blei i Høgsterett behandla saman med sak nr. 2004/1416 og sak nr. 2004/1482.
Til toppen