Tjuveri - samfunnsstraff i tilbakefallssituasjon

08.10.2004, HR-2004-01686-A, (sak nr. 2004/1190), straffesak, anke
straffelova § 257
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Alf Martin Evensen)
Utgård, Coward, Rieber-Mohn, Øie, Gjølstad

Saka gjaldt straffutmåling ved tjuveri for ein fleire gonger tidlegare domfelt. Hovudspørsmålet var om det var grunn til bruk av samfunnsstraff. Domfelte var funnen skuldig i tjuveri av pengekonvoluttar - som inneheldt i alt 44 620 kroner - frå eit kontor i ei daglegvareforretning. Han vart kjend att på opptak frå overvakingskamera. Pengane kom til rette. Tingretten hadde sett straffa til fengsel i 45 dagar utan vilkår, og anken over straffutmålinga vart forkasta av lagmannsretten. Domfelte anka til Høgsterett for å få vilkårsdom eller eventuelt samfunnsstraff.

Han hadde 16 dommar frå før - storparten for vinningsbrotsverk. Dei to siste var sona i 2002 og 2003, og desse omfatta domfelling for tjuveri. Føresegna i straffelova § 61 - vedteken i 2003 - om at maksimalstraffa blir dobla for ny strafflagd handling av same art, kom såleis til bruk. Straffenivået for tilbakefallsbrotsverk innanfor meir omfattande vinningskriminalitet var auka av Høgsterett også før denne lovendringa. Og med domfelte sine mange domfellingar - der to av domfellingane var av ny dato - kunne det i alle fall ikkje vere grunnlag for dom på fengsel på vilkår, etter den allment skjerpa haldninga til tilbakefallskriminalitet. Dersom det i seg sjølv skulle hindre bruk av samfunnsstraff at saka gjekk inn under straffelova § 61, ville det vere slik at omfanget av bruk av samfunnsstraff måtte reduserast monaleg. Ei slik løysing burde ikkje veljast når det ikkje kunne byggjast på at lovgivar hadde hatt eit slikt siktemål med den nye føresegna. Det var likevel ikkje grunnlag for samfunnsstraff her. Tjuveriet fann stad etter måten kort tid etter tidlegare domfellingar. Det var ingen rehabiliteringssituasjon. Domfelte hadde heller ikkje sagt frå under personundersøking om at han var under etterforsking for fire andre tjuveri eller at han var domfelt etter at han hadde flytta for å kome vekk frå eit tidlegare uheldig miljø. Også dette siste tala med ei viss vekt mot samfunnsstraff. Høgsterett forkasta etter dette anken.
Til toppen