Vald, grovt aktlause valdtekter og truslar mot sambuar - straffutmåling

14.10.2004, HR-2004-01721-A, (sak nr. 2004/1140), straffesak, anke,
strl. § 228, 1. ledd jf 2. ledd jf § 232, strl. § 192, 1. ledd jf 4. ledd, strl. § 342 1. ledd
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst.statsadvokat Petter Mandt)
Utgård, Coward, Rieber-Mohn, Øie, Gjølstad

Domfelte, ein tidlegare ustraffa mann, var frå 1993 sambuar med ei kvinne, som han fekk to barn med i 1996 og 2000. Han vart i lagmannsretten dømt til fengsel i 2 år og 9 månader for forgåingar mot henne, i hovudsak ved grovt aktlause valdtekter, vald og truslar. Det var domfelte som anka til Høgsterett.

Han vart av lagmannsretten funnen skuldig i å ha mishandla sambuaren over lang tid. I tida frå august 1996 til sambuarskapet tok slutt i januar 2002 slo han henne minst 15 gonger, stort sett i form av slag med knytt neve. Ved mange høve gav han henne fleire slag, og nokre gonger tok han samstundes strupetak. Handlingane førte til stor smerte og hadde karakteren av mishandling. Han vart etter dette funnen skuldig i eitt vedvarande brot på straffelova § 228 første ledd, jf. andre ledd, jf. § 232. Han vart også funnen skuldig i to tilfelle av grovt aktlaus valdtekt, som begge skjedd i nær tilknyting til valdshandlingar. Valdtektene fann stad i situasjonar der den krenkte var passiv av frykt for meir vald. Domfellinga gjaldt vidare fire tilfelle av truslar. Endeleg var han domfelt for brot på besøksforbod i rusa tilstand. Høgsterett forkasta anken over straffutmålinga. Det vart vist til dei prinsipielle synsmåtane i ein ny dom - HR-2004-00907-A, der det vart lagt eit nivå for mishandling av sambuar/ektefelle. Høgsterett uttala, i samsvar med den nemnde dommen, at straffutmålinga i saka no burde skje ut frå ei samla vurdering av handlingane. Det var først og fremst dette som viste alvoret, både vurdert ut frå krenkinga i dei om lag fem og eit halvt åra dei fann stad, og ut frå risikoen for skade på lang sikt. Det var ikkje grunn til å prøve å bryte straffutmålinga ned på einskildhandlingar, eller på brot på einskilde straffebod. Anken vart etter dette forkasta.
Til toppen