Vald mot politiet og trugsmål. Spørsmål om samfunnsstraff.

26.10.2004, HR-2004-01788-A, (sak nr. 2004/1109), straffesak, anke
straffeloven § 127, 1.ledd, 1.str.alt, straffeloven § 227, strl. § 128
A (advokat Berit REiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jogeir Nogva)
Matningsdal, Støle, Utgård, Coward, Gjølstad

A var i tingretten og lagmannsretten dømd til fengsel i 90 dagar, av dei 30 dagar på vilkår, for to brotsverk mot straffeloven § 127 og to brotsverk ved same høve mot respektive straffeloven §§ 128 og 227 første straffalternativ.

A anka til Høgsterett for å få straffa gjort om til samfunnsstraff. Anken blei delvis teken til følgje, og Høgsterett målte ut straffa til 60 timar samfunnsstraff kombinert med 30 dagar fengsel utan vilkår. Det blei streka under at dei aktuelle tilhøva av allmennpreventive grunnar fører til fengsel utan vilkår med mindre det ligg føre heilt spesielle tilhøve. Når det likevel blei funne forsvarleg å erstatte delar av fengselsstraffa med samfunnsstraff, blei dette grunngjeve med at A i over eitt år har delteke i eit behandlingsopplegg med sikte på å gjere noko med dei underliggjande psykiske lidingane sine, som på si side synes å utgjere ei sentral forklaring på den omfattande rusmiddelbruken hans og den korresponderande kriminaliteten.
Til toppen