Multifunksjonshemma barn - refusjon av utgifter - sakskostnader

19.11.2004, HR-2004-01930-A, (sak nr. 2004/866), sivil sak, kjæremål
Forvaltningsloven § 36
X kommune (kommuneaadvokaten i X v/advokat Frode Lauareid) mot A og B (advokat Ole-Håkon Ellingsen)
Flock, Gussgard, Oftedal Broch, Stabel og Gjølstad

Tvist om omfanget av den retten foreldre har til refusjon hos kommunen av utgifter til barnehage for eit multifunksjonshemma barn, blei avgjort av Statens utdanningskontor i Y etter klage frå foreldra over avgjerda i kommunen. Kommunen blei pålagd å betale full refusjon, og brakte saka inn for Undervisnings- og forskningsdepartementet med oppmodnig om omgjering. Departementet opprettheldt vedtaket i utdanningskontoret. Etter søksmål frå foreldra sa tingretten dom der kommunen blei dømd til å betale refusjonssummen. Kommunen anka dommen til lagmannsretten.

Under saksførebuinga for lagmannsretten sette kommunen under tilvising til tvistemålsloven §§ 366 nr. 2 og 367 fram eit nytt krav. Kravet hadde sin bakgrunn i at foreldra blei påført sakskostnader ved at kommunen fåfengt hadde kravd omgjering til departementet. Dette førte til at fylkesmannen med heimel i forvaltningsloven § 36 påla kommunen å erstatte foreldra desse utgiftene. Kommunen bad om at lagmannsretten i refusjonssaka også sa dom for at fylkesmannens sakskostnadsvedtak "vert oppheva". Lagmannsretten avviste dette kravet i eigen ordskurd og grunngav avgjerda med at kravet ikkje kunne fremjas utan at staten var saksøkt. Kjæremålet til kommunen blei vedteke avgjort av Høgsterett ved partsforhandling. Høgsterett sa seg under tilvising til Rt. 2000 side 1195 einig i at kravet til kommunen ikkje kunne fremjas utan at staten blei trekt inn som saksøkt. For Høgsterett blei spørsmålet teke opp om kommunen i det heile teke hadde høve til å reise søksmål om sakskostnadsvedtaket til fylkesmannen var gyldig. Som avgjerdsmakt hadde kommunen ikkje høve til å klage over vedtaket. Rett til forvaltningsmessig klage var eit moment av vekt for spørsmålet om rettsleg interesse ved søksmål om eit forvaltningsvedtak er gyldig, jf. Rt. 1993 side 445. I dette tilfellet var det ingen grunn til å gi kommunen søksmålsrett overfor den private parten om sakskostnadsspørsmålet. Utan høve til å klage kunne kommunen heller ikkje reknas å ha tilstrekkeleg rettsleg interesse i å bringe spørsmålet om vedtaket til fylkesmannen om sakskostnader var gyldig, inn for domstolane. Lagmannsrettens ordskurd blei etter dette stadfesta.
Til toppen