Erstatning for forseinka overføring av pensjonsavtale til anna pensjonsinnretning.

27.03.2006, HR-2006-00537-A, (sak nr. 2005/11178), sivil sak, anke

A (tidlegare --- AS) (advokat Tor Eggesvik) mot Fondsforsikringsselskapet Nordea Link Norge AS (advokat Erik O. Husø)
Stang Lund, Bruzelius, Støle, Skoghøy og Aasland

På vegner av --- AS gjorde A i februar 2001 ei avtale med K-Fondsforsikring om ei langsiktig spareforsikring der innskotet vart investert i verdipapirfond etter kunden sitt ynske. A sette om lag 9,2 millionar kroner i ei livrente og om lag 700 000 kroner i ei avkastningsforsikring.

I mai 2002 sa A opp forsikringa og meddelte at flyttesummen, som var noko over 9 millionar kroner, skulle førast over til Danica Link. I flyttefullmakta var det kryssa av for at A ikkje ynskte å bli kontakta i samband med flyttinga. Då A var i utlandet, fekk ikkje den kundeansvarlege i Nordea kontakt med han før i andre halvdel av juni. Nordea ynskte å "redde" kunden, men det førde ikkje til endring av avgjerda om å flytte forsikringa. Sparesummane vart innløyste 1. juli og flyttinga gjennomførd 8. juli 2002. Verdien var då redusert til i overkant av 8,3 millionar kroner på grunn av eit sterkt fall i aksjekursane. --- AS reiste i mars 2004 sak og kravde erstatning for forseinka flytting med 643 542 kroner. Tingretten tilkjente 424 912 kroner for tap i juni månad. Lagmannsretten frifann forsikringsselskapet. Høgsterett stadfeste dommen til tingretten. Etter vilkåra skulle flyttinga av forsikringa "skje så raskt som mogleg, likevel innan fristar som fastsette i forskrift". Forskrift 27. november 1991 set fristen for å overføre midlar til nytt selskap til to månader. Høgsterett meinte ein måtte forstå tilvisinga til forskrifta slik at overføring av midlane seinast skulle ha skjedd innan to månader, men at gjennomføringa ikkje kunne utsetjast til fristen gjekk ut, når flyttinga kunne vore unnagjord monaleg tidlegare. Det var eit klårt brot på plikta til å flytte "så raskt som mogleg" når flyttinga vart utsett til fristen gjekk ut, fordi selskapet ynskte å "redde" kunden.
Til toppen