Fastsetjing av straff for medverknad til grovt ran, spørsmål om forvaring.

10.03.2006, HR-2006-00429-A, (sak nr. 2005/1605), straffesak, anke
Straffelova § 39 c nr. 1
Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Tor Erik Heggøy) mot A mfl. (advokatene Berit Reiss-Andersen, John Christian Elde og Morten Kjensli)
Gussgard, Bruzelius, Utgård, Flock og justitiarius Schei

Ved Borgarting lagmannsretts dom 5. september 2005 vart A, B og C dømde for medverknad til grovt ran, straffelova § 267 jf. § 268, til fengsel i fem år og seks månader. Påtalemakta anka med sikte på forvaringsdom for A. Dei domfelte anka over straffutmålinga. Det var ein bank på X i Oslo som vart rana 22. april 2003 kring kl. 09.25. Ranarane var maskerte og væpna både med maskinpistol og revolver. Dei passa opp ein pengetransport og tok verdikofferten inne i banken, der ein av dei òg freista å få tak i ein annan verdikoffert. Det vart ikkje løyst skot. Lagmannsretten meinte det ikkje kunne leggjast til grunn at nokon av dei tre hadde vore med på sjølve ranshandlinga.

Fleirtalet i Høgsterett - tre domarar - fastsette straffa for A til forvaring med ei tidsramme på sju år og ei minstetid på fire år og seks månader. A hadde medverka først og fremst ved å vere med på å byggje to blyfôra kasser som verdikoffertane skulle fraktast i, og ein som skulle brukast når koffertane vart opna. B og C hadde òg vore med på dette. A hadde hatt kontakten med eigaren av staden der koffertane skulle opnast, og vart arrestert der då dette skulle skje. Fleirtalet meinte at As medverknad til ranet fell inn under alternativ 1 i straffelova § 39 c, som gjeld alvorlege brotsverk som set andres liv, helse eller fridom i fare, og at faren for gjentaking var nærliggjande. Då ranet vart utført, sona A ein dom frå 2001 på fengsel i åtte år, mellom anna for medverknad til to grove ran. I 1993 var han dømt mellom anna for fire grove ran til fengsel i sju år. Ved eit av desse rana vart det teke tre gislar. Fleirtalet meinte at når jamvel ikkje fengselsopphald hindra A i å medverke til grovt ran, burde ein ty til det vernet av samfunnet som ligg i forvaringsinstituttet. § 39 c gjeld dei tilfella der omsynet til samfunnsvern krev noko meir enn tidsfastsett straff. Mindretalet meinte at grunnvilkåret i paragrafen ikkje var oppfylt, og at straffa burde setjast til fengsel i fem år. Med ei slik straff ville A måtte sitje i fengsel i 13 år i strekk. Mindretalet meinte at faren for tilbakefall då ville vere redusert, og at tidsfastsett straff såleis ville vere samfunnsvern godt nok. Høgsterett fastsette samrøystes straffa for B og C til fengsel i fem år.
Til toppen