Forlenging av sikring til forvaring. Spørsmål om sakshandsamingstida var i strid med EMK artikkel 5 nr. 4

11.05.2006, HR-2006-00803-A, (sak nr. 2006/109), straffesak, anke
EMK artikkel 13. Straffeprosessloven § 447 annet ledd
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Arild Oma)
Stabel, Stang Lund, Bruzelius, Kaasen og Lund

A var i april 2000 dømd til 3 års fengsel og 3 års sikring. Sikringa ville gå ut 12. november 2004. Den 26. august 2003 kravde han at sikringa skulle setjast ut or kraft med det same. Etter overgangsreglane til dei nye føresegnene om forvaring måtte påtalemakta då anten stogge sikringstiltaket eller reise sak for å få dom om særreaksjon eller forvaring innan eitt år.

Statsadvokatane tok ut tiltale om dom til forvaring til avløysing av sikringa i mai 2004. Etter at saka hadde vore utsett fleire gonger, sa tingretten dom i september 2005. Der vart A dømd til forvaring med ei tidsramme på 3 år. A anka til lagmannsretten, som sa dom i desember 2005. Tidsramma for forvaring vart då sett til 2 år. Høgsterett tok berre føre seg spørsmålet om sakshandsamingstida var i strid med EMK artikkel 5 nr. 4, og kom til at det var konvensjonsstrid. Den totale sakshandsamingstida frå kravet vart framsett, til saka vart endeleg avslutta i domstolane, var nesten to år og ni månader. Dette var i strid med kravet i føresegna om at saker om påføring av fridomstap skal avgjerast raskt ("speedily"). Kvart einskilt stadium i prosessen var òg vorte for langt i høve til EMDs krav, jf. dom 29. august 1990 i saka E mot Noreg (Arne-saka). Handsamingstida var i strid med rundskrivet frå Justisdepartementet om oppfølging av denne dommen. At A i perioden dels hadde sona ein ordinær straffedom for andre tilhøve, dels vore varetektsfengsla og dels vore på frifot, vart ikkje rekna som avgjerande. Som eit effektivt rettsmiddel for konvensjonsbrotet etter EMK artikkel 13 tilkjende Høgsterett A ei oppreisning på 50 000 kroner.
Til toppen