Heleri

24.04.2006, HR-2006-00684-A, (sak nr. 2005/1976), straffesak, anke
Straffelova § 317
A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Svein Holden)
Øie, Stabel, Coward, Bruzelius og Lund

Saka galdt tolkinga av straffelova § 317 om heleri og reiste særleg spørsmål om det gjeld noko krav om at det lovbrotet utbytet stammar frå, må konkretiserast. A var i lagmannsretten mellom anna funnen skuldig i å ha disponert 298 000 kroner i kontantar som var utbyte av strafflagde handlingar. Han vart dømd etter det alternativet i heleriføresegna som rettar seg mot heleri i tradisjonell tyding, der den strafflagde handlinga er å ta imot eller skaffe seg eller andre del i "utbyte av ei strafflagd handling", jf. § 317 fyrste ledd fyrste punktum.

Saka, som òg galdt grovt narkotikabrotsverk, vart sett med lagrette, og delar av rettsutgreiinga til lagretten vart protokollert. Anken knytte seg særleg til den delen av rettsutgreiinga som lydde slik: "I denne saka er dei lovbrota som ligg attom - altså dei lovbrota påtalemakta hevdar at utbytet stammar frå - ikkje konkretiserte. Spørsmålet blir då korleis påtalemakta skal rå med provtyngsla som ligg på henne. Når handlinga attom ikkje er identifisert, blir bevistemaet ikkje kva for konkrete handlingar som har gjeve grunnlag for utbytet. Bevistemaet må då vere om det kan utelukkast at dei midlane det er tale om, kan stamme frå lovlege kjelder, til dømes inntekt, formue/oppsparde midlar, gåve eller ulike former for lån." Etter Høgsteretts syn var det ikkje feil ved rettsutgreiinga. Høgsterett meinte at det ikkje gjeld noko krav om konkretisering av den strafflagde handlinga som utbytet stammar frå; det må vere nok at påtalemakta provar at utbytet stammar frå ei eller anna strafflagd handling. Høgsterett kunne heller ikkje sjå at det må liggje føre objektive haldepunkt for kva slags strafflagd handling det gjeld, for at det skal kunne provast at utbytet stammar frå ei strafflagd handling. Provspørsmålet må avgjerast etter ei konkret heilskapsvurdering der òg andre moment enn kva slags lovbrot det gjeld, kan vere avgjerande. Slik saka stod i lagmannsretten, var det ikkje gale å seie at bevistemaet var om det kunne utelukkast at dei midlane det var tale om, kunne stamme frå lovlege kjelder. Anken vart etter dette forkasta.
Til toppen