Ilegging av tilleggsskatt.

14.03.2006, HR-2006-00438-A, (sak nr. 2005/853), sivil sak, anke
Ligningsloven §10-2, § 10-3 bokstav b, §10-4 nr. 2
Tuva Eiendom AS mfl. (advokat Erik Thyness) mot Staten v/Akershus fylkesskattekontor (advokat Arne Haavind)
Øie, Skoghøy, Tjomsland, Rieber-Mohn og Aasland

Saka galdt prøving av eit vedtak om ilegging av tilleggsskatt på grunn av ein tidfestingsfeil. Sommaren 2001 gjorde dei ankande partane, saman med dei andre aksjonærane, avtale om å selje alle aksjane sine i Center Park AS til det belgiske selskapet City Parking SA. Ved overføringa av aksjane skulle det ytast eit minstevederlag på 23 millionar kroner. Eit tilleggsvederlag skulle betalast etter at den reviderte årsrekneskapen for Center Park AS for 2001 var lagd fram. Tilleggsvederlaget skulle utgjere differansen mellom 23 millionar kroner og 15 gonger netto årsresultat for selskapet, justert for gjeld og kontantar. Aksjane i Center Park AS vart overførde til City Parking SA i august 2001, samtidig som minstevederlaget vart betalt. Eit tilleggsvederlag på 40.468.209 kroner vart betalt i april 2002.

I sjølvmeldingane for 2001 førde skattytarane berre opp det vederlaget som vart utbetalt i 2001. Ingen av dei opplyste om tilleggsvederlaget. Då likningsstyresmaktene seinare fekk vite om utbetalinga av tilleggsvederlaget, vart likningane endra. Likningsnemnda la til grunn at tilleggsvederlaget kom til skattlegging i 2001, og gav pålegg om 30 prosent tilleggsskatt av skatten på endringssummen. Høgsterett meine at tilleggsvederlaget skulle tidfestast til 2001. Skattytarane hadde dermed gjeve "uriktige eller ufullstendige opplysninger som har ført til eller kunne ha ført til fastsetting av for lav skatt", jf. likningslova § 10-2, og dei objektive vilkåra for å påleggje tilleggsskatt var stetta. Høgsterett la til grunn at det dreidde seg om ein ordinær tidfestingsfeil, og ikkje om forsøk på skattesnyting. Høgsterett meinte det var forståeleg at dei ankande partane tok feil av tidfestingsreglane. Det kunne likevel ikkje vere avgjerande. Skattytarane burde ha skjøna at dette kunne vere et tvilsspørsmål, og at det var grunn til å opplyse om tilleggsvederlaget slik at likningsstyresmaktene sjølve kunne vurdere når denne delen av vederlaget skulle tidfestast. Høgsterett meinte difor at tilhøva som dei ankande partane var ansvarlege for, ikkje kunne orsakast. Dermed var det ikkje grunnlag for å la vere å påleggje tilleggsskatt etter likningslova § 10-3 bokstav b. Tilhøva var heller ikkje så orsakande at det gav grunn til å setje ned tilleggsskatten etter § 10-4 nr. 2. Likningskontoret hadde nytta bruttometoden og fastsett tilleggsskatten på grunnlag av den nominelle skatteinnsparinga i 2001 - utan å ta i omsyn til at tilleggsvederlaget mest sannsynleg ville ha vorte teke til skattlegging i 2002. Dei ankande partane hevda at nettometoden skulle ha vore nytta, slik at tilleggsskatten vart utrekna av føremonen av forskyvinga av skattlegginga frå 2001 til 2002. I Bøhn-dommen i Rt. 1995 side 1278 kom Høgsterett til at prosentutrekninga etter § 10-2 nr. 1 skulle gjerast av den skatten som var halden utanom i det inntektsåret han galdt for. I likningspraksis går ein ut frå at dommen slår fast eit ålment prinsipp om at bruttometoden skal nyttast ved utrekning av tilleggsskatt ved tidfestingsfeil. Høgsterett understreka i denne saka at pålegging av tilleggsskatt etter bruttometoden ved tidfestingsfeil lett kan føre til ein uhøveleg sterk reaksjon og meinte at saka viste klårare enn Bøhn-saka kor hardt ein bruttoregel kan råke. Det vart òg lagt stor vekt på at det - i samsvar med praksis i Den europeiske menneskerettsdomstolen - i dag er sterkt understreka i høgsterettspraksis at tilleggsskatt er straff. Det medfører at samhøveprinsippet bør vege tyngre, og at ein må leggje særleg vinn på ikkje å kome på kant med uskuldspresumpsjonen. Høgsterett meinte på dette grunnlaget at tilleggsskatten ved reine periodiseringsfeil må reknast ut etter nettometoden.
Til toppen