Ran av ein semitrailer med tørrfisk i Italia.

10.03.2006, HR-2006-00430-A, (sak nr. 2005/1008), sivil sak, anke
Vegfraktlova § 27, jf. § 38 og § 32
Vesta Forsikring AS mfl. (advokat Jon Andersen) mot Fegmat AS mfl. (advokat Wenche Undli)
Utgård, Bruzelius, Gussgard, Flock og justitiarius Schei

Saka gjaldt skadebotkrav mot transportør og forsikringsselskap etter at ein semitrailer med tørrfisk vart rana, jf. vegfraktlova § 27. Ranet skjedde på ein parkeringsplass utan vakt ved motorvegen sør for Roma, og spørsmålet i saka var om parkering der over natta var grovt aktlaust, jf. vegfraktlova § 38, slik at transportøren ikkje kunne gjere gjeldande ansvarsavgrensinga etter vegfraktlova § 32. Tingretten hadde kome til at det var utvist grov aktløyse, medan lagmannsretten meinte så ikkje var tilfelle. Høgsterett kom til same resultatet som tingretten.

Transporten skjedde med lastebil frå Noreg til mottakarar nær Napoli. Kontraherande transportør hadde sendt transportøren forsikringsvilkår, der det mellom anna var stilt krav til sjåføren om planar for stopp og om bruk av inngjerda parkeringsplassar med vakt. Fortolling og fylling av drivstoff skulle skje nord for Roma, slik at stopp sør for Roma kunne unngåast. Mykje kunne tale for at desse forsikringsvilkåra var ein del av transportvilkåra, men dette fann Høgsterett det ikkje nødvendig å ta standpunkt til. Høgsterett uttala at kva krav som skal stillast før det blir konstatert grov aktløyse, må vurderast mellom anna ut frå risikoen, kva verdiar det er tale om, om verdiane er lett omsetjelege og ut frå handlingsalternativa. Det måtte også kome inn at det var tale om eit profesjonsansvar. Høgsterett viste til at det gjennom mange år har vore svært mange ran i Sør-Italia, og at dette også er vel kjent. Bransjeorganisasjonar har teke opp problemet, og ikkje minst har dette gitt seg utslag i forsikringsvilkåra. Det vart også vist til at problemet har vore stort for norske bilar med tørrfisk og klippfisk. Verdien av ein slik last er stor, fisken er lett omsetjeleg og han kan vanskeleg sporast attende til eit gitt parti. Det var her også alternative parkeringsplassar med vakt. Ut frå dette kom Høgsterett til at transportøren hadde handla grovt aktlaust. Det var her heller ikkje upårekna omstende som gjorde det vanskeleg å nå ein parkeringsplass med vakt. Det var ikkje underbygd at det var særlege problem tidlegare som gjorde at den aktuelle parkeringsplassen måtte veljast, og heller ikkje at det var særlege problem med å kome vidare. Det var etter dette utvist grov aktløyse, og transportøren og varetransportforsikringsselskapet måtte då også svare skadebot for tapet ut over høgstesummane i vegfraktlova § 32.
Til toppen