Sal av metanolhaldig sprit - domfelling/straffutmåling for aktlaust drap.

24.04.2006, HR-2006-00690-A, (sak nr. 2005/1446), straffesak, anke
Straffelova § 239
A (advokat Sigrid Redse Johansen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Siw Morrow)
Coward, Bruzelius, Øie, Stabel og Lund

Den tiltalte hadde selt to liter smuglarsprit til onkelen sin, som etter ei veke døydde som følgje av metanol i spriten. Både tingretten og lagmannsretten fann han skuldig i aktlaust drap attåt nokre mindre brot på alkohollova. Tingretten sette straffa til fengsel i eitt år og to månader, medan lagmannsretten sette henne ned til fengsel i åtte månader. Ein lagdommar meinte at den tiltalte måtte frifinnast for aktlaust drap, og at straffa i alle fall måtte setjast lågare. Den tiltalte anka til Høgsterett over lovbruken, men vann ikkje fram.

Høgsterett meinte at sal av smuglarsprit alt i utgangspunktet utset kjøparane for ein risiko for å få i seg noko helsefarleg, og at det talar for at aktløysenorma i § 239 er etter måten streng på dette området. Men norma måtte fyrst og fremst vere svært streng på grunn av den konkrete situasjonen kring spritsalet, som skjedde i mars 2003. Frå september 2002 og i månadene etter hadde det vore ei rekkje nyhendeoppslag om dødsfall og skadar som følgje av metanolhaldig smuglarsprit. Eit par andre som den tiltalte hadde formidla sprit til, var vortne så uvisse på innhaldet i spritkannene at dei slo det ut. At leverandøren hadde sagt til den tiltalte at spriten var testa på Borregaard, og at den tiltalte sjølv og fleire av kameratane hadde drukke av spriten utan å bli dårlege, var ikkje nok til å stette aktløysekravet. Det skulle heller ikkje ha noko å seie for strafflegginga at den tiltalte berre var formidlar av sala og ikkje hadde noka forteneste, eller at onkelen sjølv hadde teke initiativet til å få kjøpt spriten, og at medieoppslaga måtte ha vore allment kjende. På grunn av tilståing og tida som hadde gått, sette Høgsterett straffa ned til fengsel i fem månader.
Til toppen