Skattefrådrag for ytingar som blir hevda å vere vederlag for urettkomen motyting.

19.04.2006, HR-2006-00657-A, (sak nr. 2005/966), sivil sak, anke
Skattelova 1911 §44 første leden bokstav a femte leden.
Uniprawns Holding AS (advokat Stig Bjørklund) mot Staten v/Troms fylkesskattekontor (Regjeringsadvokaten v/advokat Richard Saue)
Rieber-Mohn, Bruzelius, Støle, Stabel og justitiarius Schei

Ved bokettersyn i Uniprawns i Tromsø vart det avdekt at det var gjort provisjonsutbetalingar frå selskapet til ein konto i Bank of America i Los Angeles, registrert på "Nilsson Consultation Incorp.". Utbetalingane skjedde på grunnlag av fakturaer som var utferda personleg, og for ein del handskrivne, av innkjøpssjef A, som åtte 50 % av aksjane i Sannäs Räkor AB. Sannäs var ein av dei største kundane til Uniprawn.

Provisjonsordninga vart avtalt i 1993 mellom A og B, som var dagleg leiar i Uniprawns. Nilsson kravde provisjonsutbetalingar for å halde fram forretningssambandet med Uniprawns. Etter bokettersynet vart det klårt at provisjonsutbetalinga skjedde til As personlege konto i USA såleis at prisen på reker frå Uniprawns til Sannäs vart auka med 1 krone, som Karlsen så formidla vidare til den amerikanske bankkontoen. A vart mellom anna for dette dømd til fengsel i 3 år og 10 månader for bedrageri mot Sannäs. B vart etterforska og tiltalt i Norge for medverknad til utruskap, men frifunnen på subjektivt grunnlag. Likningsnemnda i Troms nekta Uniprawns skattefrådrag for dei utbetalte provisjonane i 1995 og 1996, jf. skattelova § 44 fyrste ledd bokstav a femte ledd. Overlikningsnemnda stadfeste nektinga. Etter søksmål oppheva tingretten likninga av Uniprawns for åra 1995 og 1996, medan lagmannsretten frikjende staten. Høgsterett kom til same resultat som lagmannsretten og meinte det var klårt at provisjonsutbetalingane måtte reknast som "vederlag for urettkomen motyting", jf. § 44 fyrste ledd bokstav a femte ledd. Høgsterett meinte dessutan at ein lyt tolke inn i føresegna eit krav om aktløyse hjå den skattytaren som krev frådraget, for at det skal kunne nektast. Høgsterett meinte òg det var klårt at B hadde handla aktlaust då han gjekk inn på provisjonsordninga med A. Ein kunne ikkje ta omsyn til at han skulle ha trudd at provisjonen gjekk til eit Sannäs-kontrollert selskap i USA. Fråsegner om tilhøvet til den frikjennande straffedommen, der B vart frikjend mellom anna for aktlaust heleri, og til uskuldspresumsjonen i EMK artikkel 6 nr. 2.
Til toppen