Urette opplysningar i sjølvmeldingsdokument. Spørsmål om openberre skrive- eller reknefeil

18.05.2006, HR-2006-00836-A, (sak nr. 2005/1517), sivil sak, anke
Likningslova §10-3 bokstav a
Staten v/Oslo likningskontor (kommuneadvokaten i Oslo v/advokat Camilla Selman) mot Gezina AS (advokat Per Arne Damm)
Utgård, Matningsdal, Tjomsland, Støle og justitiarius Schei

I saka her hadde skattytar nytta eit dataprogram til å fylle ut sjølvmeldingsdokumenta. Det viste seg at programmet ikkje hadde kopling mellom opplysningar i næringsoppgåva, slik at det ikkje vart ført inn eit påslag i den siste sida i næringsoppgåva. Talet på 20 mill kr, slik at inntekta ut frå det vart 20 mill kr for låg.

Høgsterett - eit fleirtal på fire dommarar - kom til at dette var ein rekne- eller skrivefeil. Utferdaren av dokumenta hadde eit ønskje om å skrive eit tal, men dette kom ikkje med grunna opplegget i dataprogrammet. Det måtte her vere likskap med situasjonen i den andre saka, der det kom inn eit tal som utferdaren ikkje ønskte å skrive. Det var i desse situasjonane tale om tilpassing av reglane til nye faktiske omstende som følgje av bruk av dataprogram. Etter dommen i HR-2006-00835-A kunne det ikkje stillast opp noko vilkår om at likningsstyresmaktene kunne sjå kva som var rett utfylling. Spørsmålet var så om feilen var openberr. Staten hadde to mogelege forklaringar som tilsa at feilen ikkje var openberr. Det vart halde fram at det kunne vere at utfyllaren hadde fylt ut posten feil, anten fordi han brukte posten på ein uvanleg måte eller fordi det var ei mistyding. Men i så fall var postane openbert nytta feil, og det måtte då skje ei etterfølgjande oppklaring. Det vart også gjort gjeldande at det kunne vere at posten tap på aksjar omfatta aksjar i selskap som hadde gått konkurs. I dette tilfellet var det levert realisasjonsoppgåver, og det kunne då ikkje leggjast til grunn at posten omfatta selskap som hadde gått konkurs. Advokaten til skattytar uttala også uimotsagt i skranken at sjølvmeldingsdokumenta inneheldt så utfyllande opplysningar at likningsstyresmaktene eventuelt på få minutt kunne kontrollere om dette var forklaringa. Eit mindretal i Høgsterett - ein dommar - meinte at det ikkje her var tale om nokon skrivefeil. Det var såleis ikkje grunnlag for tilleggsskatt. Skattytaren vart tilkjend sakskostander for alle rettane.
Til toppen