Vilkår ved overdraging av løyve eller andel i løyve til petroleumsverksemd

10.05.2006, HR-2006-00792-A, (sak nr. 2005/849), sivil sak, anke
Petroleumsskatteloven § 10
BP Norge AS (advokat Ingvald Falch) mot Staten v/Finansdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Amund Noss)
Oftedal Broch, Stabel, Bruzeliu, Stang Lund og Lund

Oljeselskapa BP og Amoco, som begge dreiv petroleumsverksemd på norsk kontinentalsokkel, fusjonerte internasjonalt og i Noreg gjennom dei norske dotterselskapa sine. Slik fusjon krev samtykke av Finansdepartementet når det gjeld skatteverknadene, jf. petroleumsskattelova § 10. Departementet kan setje vilkår for samtykket og mellom anna gå utanom føresegner i skattelovgjevinga og lempe på skattlegginga.

Det fusjonerte norske selskapet fekk på grunn av fusjonen eit ekstraordinært frådrag ved likninga for 1999 på ca. 4,6 millionar kroner. No hevda selskapet at petroleumsskattelova § 10 etablerte eit prinsipp om "provenymessig nøytralitet" ved eigarskifte til rettar i petroleumsverksemd, dvs. same skatteinntekt for staten før og etter eigarskiftet. Ut frå dette kravde selskapet at auka skatt som følgje av lågare administrasjons- og driftskostnader måtte nøytraliserast gjennom tilsvarande skattefritak. Selskapet skaut seg inn under tidlegare departementspraksis. Det vart hevda at den stod så fast at han berre kunne endrast ved lov. Selskapet rekna skattefritaket til 1,22 milliardar kroner over ti år. Dei tidlegare instansane hadde ikkje gjeve selskapet medhald. Høgsterett kom samrøystes til det same resultatet. Petroleumsskattelova § 10 seier at departementet kan nytte skjønn og fastsetje skattevilkår ved samtykke til eigarskifte. Førearbeida fortel at føremålet dels er å hindre at skatteinntektene til staten blir mindre på grunn av eigarskifte, og dels å motverke at ynskelege endringar i eigarstrukturen blir hindra ved at eigarskiftet utløyser høgare skattekrav. Desse føremåla tilsa ikkje at synergiverknader av fusjon skulle vere skattefrie. Det var heller ikkje noka reell grunngjeving for ein slik regel. Om tidlegare praksis sa Høgsterett at i nokre tilfelle, der samtykke til fusjon var gjeve, var reduserte administrasjonskostnader trekte inn som eit element når verknadene av fusjonen skulle vurderast under eitt. Men denne saka var den fyrste av fleire store internasjonale fusjonar, og kostnadsreduksjonen var mangfaldige gonger større. Den tidlegare praksisen var utvikla etter kvart som departementet vann røynsle. Under desse tilhøva måtte det vere klårt at den tidlegare praksisen ikkje hindra ei omvurdering.
Til toppen