Utmåling av kostnader - retting av dom

06.02.2006, HR-2006-00218-A, (sak nr. 2005/744), sivil sak, anke, skriftleg sak
tvistemålslova §§ 156 og 157
Herdy L. Abrahamsen mfl. (advokat Einar Engh og advokat Kjetil Edvardsen) mot Scandinavian Airlines System Denmark Norway Sweden (advvokat Lars Holo)
Gussgard, Stang Lund, Oftedal Broch, Bruzelius, Skoghøy

I Høgsteretts dom 31. januar 2006 i sak 2005/744 Herdy L. Abrahamsen mfl. mot Scandinavian Airlines System Denmark Norway Sweden (HR-2006-00174-A) vart dei ankande partane tilkjende sakskostnadene for tingretten, lagmannsretten og Høgsterett. Det gjekk fram av dommen at kostnadsoppgåvene til dei ankande partane låg til grunn for kostnadsutmålinga. I prosesskrift 2. februar 2006 til Høgsterett hevda dei ankande partane at kostnadsoppgåvene som var framlagde, berre galdt kostnadene for Høgsterett. Dei viste til tvistemålslova §§ 156 og 157 og bad om å få retta høgsterettsdommen. I tilfelle vilkåra for retting ikkje skulle vera stetta, kravde dei tilleggsdom etter § 160.

Høgsterett slo samrøystes fast at vilkåra for retting ikkje var stetta, og at det heller ikkje kunne seiast tilleggsdom for kostnadene for tingretten og lagmannsretten. Etter tvistemålslova § 179 andre leddet kan sakskostnader i saker som blir avgjorde på grunnlag av munnleg forhandling, berre tilkjennast dersom parten leverer inn oppgåve over dei kostnadene han krev å få dekt. Sakskostnadsoppgåvene frå dei ankande partane til Høgsterett inneheldt berre eit uspesifisert salærkrav og krav om dekking av kopieringsutgifter. Kopi av kostnadsoppgåvene frå dei ankande partane for dei tidlegare instansane var ikkje teke inn i utdraga. Høgsterett trudde oppgåvene inneheldt kostnadene for alle instansane. Etter § 156 er det eit vilkår for å retta ei domsslutning at ho inneheld "skrivefeil eller reknefeil eller andre openberre feil eller utelatingar". Det at dei ankande partane ikkje hadde teke med kostnadene for dei lågare instansane i kostnadsoppgåvene til Høgsterett, gjev ikkje grunnlag for å retta etter denne føresegna når det er naturleg å forstå oppgåvene slik at dei omfattar kostnader for alle instansar. Tvistemålslova § 157 gjev berre høve til å retta domsgrunnane, ikkje slutninga. Det går fram av § 160 at tilleggsdom må gjelda eit krav som skulle vore avgjort i dommen. I dette tilfellet hadde Høgsterett avgjort sakskostnadene for alle instansane. Det at kostnadsoppgåvene til dei ankande partane ikkje omfatta kostnadene for tingretten og lagmannsretten, gav klårt ikkje grunnlag for å seia nokon tilleggsdom.
Til toppen