Oppreising for grovt aktlaus valdtekt

22.08.2006, HR-2006-01463-A, (sak nr. 2006/787), sivil sak, anke
skadeerstatningsloven § 3-5 første ledd bokstav b, jf. § 3-3
A (advokat John Christian Elden) mot B (advokat Berit Reiss-Andersen)

Rt-2006-961

Dommere: Tøner, Coward, Stabel, Sverdrup, Lund

A var i lagmannsretten frifunnen for forsettleg valdtekt. På grunn av oppførsla til A, som lagmannsretten meinte var kvalifisert klanderverdig, fekk B tilkjent 100 000 kroner i oppreising. I grunngjevinga heiter det at det ikkje var nokon grunn til å gjere unnatak frå den norma for oppreising som er sett av Høgsterett ved forsettleg valdtekt, jf. Rt. 2003 side 1580.

Høgsterett meinte det burde skiljast mellom oppreisingsnivåa for forsettleg og grovt aktlaus valdtekt. Dei viste til skilnaden i straffenivå, jf. Rt. 2004 side 1553, og tilsvarande differensiering mellom oppreisingsnivåa for forsettleg og grovt aktlaust drap, jf. Rt. 2006 side 61. Summen vart sett til 60 000 kroner.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen