Spørsmål om ekteskap var reelt

15.12.2006, HR-2006-02109-A, (sak nr. 2006/807), sivil sak, anke

Utlendingslova § 9

Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Erlend Haaskjold) mot A (advokat Birger H. Vandvik)

Rt-2006-1657

Dommere: Flock, Øie, Lund, Utgård, Gjølstad

A er fødd i 1979 og pakistansk statsborgar. Han kom til Noreg på turistvisum i august 2001. I september trefte han B, som er fødd i 1956. Ho hadde fem barn frå tidlegare ekteskap og sambuarskap med to pakistanske menn, hadde konvertert til islam i 1974 og forstod og snakka ein del urdu.

Paret gifta seg i desember 2001, og etter det søkte A om opphalds- og arbeidsløyve i Noreg med sikte på familiesamling, jf. utlendingslova § 9. Utlendingsdirektoratet avslo søknaden. A klaga på vedtaket, men Utlendingsnemnda endra ikkje vedtaket som følgje av klaga. Både direktoratet og nemnda kom til at ekteskapet ikkje var reelt. A gjekk til søksmål, og Oslo tingrett kjende vedtaket ugyldig. Lagmannsretten stadfesta med to mot ei stemme dommen i tingretten.

Etter at staten hadde anka, stadfesta Høgsterett dommen i lagmannsretten med tre mot to stemmer. Eit fleirtal på fire dommarar kom til at sivilprosessens hovudprinsipp om overvekt av sannsyn måtte nyttast, og at ein derfor ikkje kunne krevje ei klar overvekt av sannsyn for at ekteskapet ikkje var reelt. Mindretalet (Lund) ville her stille krav om ei slik sannsynsovervekt.

I den konkrete bevisvurderinga la Høgsterett vekt på om det var sannsynleg at As hovudformål med å inngå ekteskapet var utsikta til å skaffe seg opphalds- og arbeidsløyve. Eit fleirtal på tre dommarar understreka at både formålet med å inngå ekteskap og formene for ekteskapeleg samliv kan variere sterkt, og at ein ikkje utan vidare kan trekkje den slutninga frå atypiske situasjonar at ekteskapet ikkje er reelt slik utlendingslova bruker dette omgrepet. Fleirtalet la blant anna vekt på at ektefellane på det tidspunktet Utlendingsnemnda gjorde vedtaket sitt, hadde budd saman i lengre periodar. Seinare – frå sommaren 2005 – hadde dei budd saman kona i sitt husvære i Oslo. Mindretalet (Flock og Utgård) la avgjerande vekt på dei ytre, atypiske sidene ved ekteskapet.

Les avgjørelsen i sin helhet 

Til toppen