Skadebot som følgje av setningsskadar på eigedom - vilkår for byggjeløyve

01.09.2006, HR-2006-01515-A, (sak nr. 2006/139), sivil sak, anke
skadebotlova § 2-1 nr. 1
Eigersund kommune (advokat Knut Langfeldt) mot Tone Thengs, Øystein Thengs (advokat Kurt A. Elvevoll)

Rt-2006-1012

Dommere: Utgård, Stang Lund, Matningsdal, Øie, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmål om skadebot som følgje av setningsskadar på bustadeigedom. Det var spørsmål om det skulle vore fastsett vilkår for byggjeløyvet etter plan- og bygningslova § 68 andre ledd, alternativt om det var særlege problem med byggjegrunnen som kommunen skulle informert byggherren om. Høgsterett tok i saka stilling til forståinga av plan- og bygningslova § 68, som inneheld vilkår for byggjeløyve, i saker der det kan vere "fare eller vesentlig ulempe som følge av naturforhold". Fare som følgje av naturtilhøve, som flaum og sig av vatn, er omfatta av føresegna. Det vil likevel vere ein terskel for når ein fare er så alvorleg at føresegna kjem til bruk. Det avgjerande vil vere ei vurdering av risikoen, der det avgjerande er kor sannsynleg det er at det vil oppstå skade, vurdert opp mot arten og omfanget av skade dersom slik oppstår. Det må først vurderast om eit tilfelle går inn under § 68 første ledd. Berre dersom det er tilfelle, er det heimel for å setje opp vilkår etter § 68 andre ledd.

I den konkrete saka kom det vatn inn i undergrunnen på tomta frå ei nærliggjande elv. Vatnet stod til om lag midt på grunnmuren på ca. 1 meter, på eit hus bygd utan kjellar. Dette er tilhøve som må løysast gjennom val av fundamenteringsmåte, og då var ikkje vilkåra etter § 68 første ledd oppfylte. Det var då ikkje heimel for kommunen til å setje vilkår etter § 68 andre ledd. Når det gjaldt plikta til å informere om vanskelege byggjetilhøve, tok Høgsterett utgangspunkt i Rt. 1967 side 1248 og ordninga med ansvarshavande. Det er byggherren som har ansvaret for forsvarleg gjennomføring av byggjeprosjektet, og det var ikkje her grunnar som då tilsa at kommunen skulle ha ansvar for informasjon om eventuelle vanskar ved fundamenteringa. Byggherren var dessutan kjend med særlege tilhøve ved eigedommen, og måtte også kunne skaffe seg andre opplysningar, særleg om ein oppført flaumvoll. Høgsterett uttala at setningsskadane kom av at det var gjort feil ved fundamenteringa frå byggherren, og at kommunen ikkje på nokon måte kunne lastast. Ut frå dette vart kommunen frikjend for kravet om skadebot.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen