Posttjuveri - straffutmåling

07.09.2006, HR-2006-01539-A, (sak nr. 2006/741), straffesak, anke
Straffelova § 257 jf. straffelova § 258
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Geir Fornebo) mot A (advokat Kjetil Krokeide) og B (advokat Erling O. Lyngtveit)

Rt-2006-1059

Dommere: Utgård, Flock, Rieber-Mohn, Stabel, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling i ei sak der det dominerande tilhøvet var tjuveri av postsendingar. A og B var begge funne skuldige i omfattande tjuveri av postsendingar over ein periode på ca. fire månader. Dei to, som på handlingstida var sambuarar, køyrde rundt i eit område om natta, og tok postsendingar i opne postkassar. Det var 180 personar som hadde meldt slike tjuveri til politiet, og dette danna grunnlaget for tiltalen og for domfellinga. Dei dømde tok eit stort tal brev av ulik karakter. Der dei kom over bankkort, vende dei tilbake til postkassane seinare for å sikre seg brev med pin-kode. Det vart også teke nokre følgjebrev, som dei nytta til henting av pakkar.

Høgsterett viste til at vinninga ikkje var lagd til å grunn å ha vore meir enn vel tjue tusen kroner. Men det er uttala at tjuveri - ikkje minst systematisk tjuveri - av postsendingar er krenkjande på fleire vis. Tjuveria vil kunne føre til ulempe og tap ved at personar ikkje mottek rekningar og offentlege dokument. Vel så viktig er det at slike brevtjuveri inneber krenking av privatlivet. Postsendingar kan innehalde personlege opplysningar av ulik karakter, også ved at det er tale om rettsdokument, likningsdokument, brev om sosiale tilhøve og helseopplysningar. Høgsterett viste også til at systemet med opne postkassar er avhengig av at desse blir respekterte. Høgsrett endra subsumsjonen for tjuveriet av postsendingar frå vanleg tjuveri, jf. straffelova § 257, til grovt tjuver, jf. straffelova § 258, jf. § 257. Begge dei to var i tillegg funne skuldige i eit mindre skadeverk. A var domfelt for ein trussel, som etter sitt innhald var ein drapstrussel. To dagar etter dette gjorde han skadeverk på to bilar, tilhøyrande den trusselen var retta mot og broren til denne. A var også dømd for to brot på vegtrafikklova. Høgsterett sette straffa for A til fengsel i eitt år og for B til fengsel i ti månader.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen