Rettskraftig dom når politiet vedtek han - høvet til omgjering.

13.10.2006, HR-2006-01752-A, (sak nr. 2006/1205), sivil sak, anke,
Straffeloven § 228 første ledd og straffeloven § 390 a
A (advokat Jan Tollefsen) mot Den offentlege påtalemakta (stasadvokat Jogeir Nogva)

HR-2006-01752-A

Dommere: Endresen, Rieber-Mohn, Skoghøy, Sverdrup, Gussgard

Saka galdt om statsadvokaten kan gjere om politiet si avgjerd om å godta dom i straffesak der den tiltalte vart frikjend for brot på straffelova §§ 228 fyrste ledd og 390 a. Den tiltalte hadde alt godteke tingrettsdommen då politiadvokaten godtok dommen. Dommen vart dermed rettskraftig då politiet vedtok han.

Høgsterett kom til at straffeprosesslova § 75 tilseier at når ei kompetent påtalemakt i politiet har vedteke ein dom, kan statsadvokaten innanfor ankefristen gjere om vedtakinga. Resultatet samsvarar med hevdvunne rettssyn etter den tidlegare straffeprosesslova. Høvet til omgjering vart òg vurdert mot rettskraftføresegna i straffeprosesslova § 51 og den korresponderande føresegna i EMK protokoll nr. 7 artikkel 4 og artikkel 6 i konvensjonen.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen