Spørsmål om bruk av samfunnsstraff ved domfelling for lekamsskading

25.10.2006, HR-2006-01816-A, (sak nr. 2006/1103), straffesak, anke
Straffelova § 229 fyrste straffalternativ
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Yngve Johs. Ander) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)

Rt-2006-1298

Dommere: Øie, Sverdup, Endresen, Rieber-Mohn, Lund

A, som var 18 år og 4 månader då det skjedde, kom i krangel med B utanfor et festlokale, og dei to "knuffa" kvarandre. A slo B hardt i andletet med knyttneven. Over venstre auga fekk B eit to cm langt kutt som vart sydd med to sting. Høgsterett la til grunn at lekamsskaden låg i det nedre sjiktet av bruksområdet for straffelova § 229 fyrste straffalternativ.

Både tingretten og lagmannsretten hadde tildømt samfunnsstraff - begge instansar under dissens. Høgsterett meinte, særleg med tilvising til avgjerda i Rt. 2006 side 382, at dommen måtte vera fengselsstraff utan vilkår. Korkje skadetypen, omfanget eller hendingsgangen tala for samfunnsstraff. Alderen til den domfelte på handlingstidspunktet var heller ikkje avgjerande, jf. Rt. 2004 side 1016. Straffa vart sett til fengsel i 30 dagar.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen