Legalitetsprøving av forvaltningsvedtak

25.10.2006, HR-2006-01817-A, (sak nr. 2006/486), sivil sak, anke
Straffegjennomføringsloven § 7 bokstav c og d. Tvistemålsloven § 204 nr. 2
A (advokat Anders Brosveet) mot staten v/Justis- og politidepartemetet (Regjeringsadvokaten v/advokat Goud Helge Homme Fjellheim)

Rt-2006-1300

Dommere: Oftedal Broch, Øie, Sverdrup, Endersen, Lund

A vart dømd til fengsel i 17 år, m.a. for å ha gøymt 19,9 kg heroin og selt narkotika for 3 millionar kroner. Han vart sett i Ringerike fengsel i avdelinga med særskilt høgt tryggingsnivå, jf. straffegjennomføringslova § 11 andre ledd. Han sat der i vel 18 månader, dels i varetekt og dels under soning.

Han fekk ikkje anna grunngjeving for plasseringa enn ei attgjeving av lovvilkåra som gjeld særleg fare for rømming. I tillegg fekk han vita at opplysningane var unnatekne partsinnsyn, jf. straffegjennomføringslova § 7 d. Han klaga over vedtaket og at han ikkje hadde fått innsyn, men vann ikkje fram med det. A gjekk til søksmål og hevda at vedtaket var ulovleg. Staten nekta òg overfor retten å opplysa om grunnlaget for plasseringsvedtaket, jf. tvistemålslova § 204 nr. 2. A meinte at staten måtte føra prov for at det verkeleg hadde vore grunnlag for plasseringsvedtaket. Om staten sette seg mot det, måtte vedtaket kjennast ugyldig. Om løysinga vart ei anna, ville det innebera at domstolane i røynda ikkje har prøvingsrett i denne typen saker. A vann ikkje fram med dette i tingretten og lagmannsretten. Før Høgsterett tok saka føre, vedtok Den sentrale forvaltninga for kriminalomsorga å føra A attende til ei vanleg fengselsavdeling. Grunngjevinga var at det ikkje hadde kome fleire opplysningar om rømmingsfare i den perioden A hadde vore i høgtryggingsavdeling. Heller ikkje for Høgsterett førde påstanden til A om provføringsplikta til staten fram. Det følgjer av straffegjennomføringslova § 7 c, d og h at når innsyn er utilrådeleg av tryggingsgrunnar, er det ikkje partsinnsyn og grunngjevingsplikt i ei sak. Dessutan har tenestemenn teieplikt om slikt. Både omsynet til samanheng i rettsreglane og reelle omsyn talar då for at staten òg under rettargang må kunna halda slike opplysningar løynde, slik § 204 nr. 2 gjev rettleiing om. Det ligg ein rettstryggleiksgaranti i det andre leddet i føresegna; etter dét kan retten kan overprøva nektinga til staten og påleggja provplikt. A hadde ikkje kravt slik overprøving, og det var difor ikkje grunnlag for å gå inn på dei situasjonane som då kan oppstå.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen