Overtaking av omsorga for ei jente på ca. 15 år etter barnevernlova

25.10.2006, HR-2006-01818-A, (sak nr. 2006/1122), sivil sak, anke
Tvistemålsloven kapittel 33. Barnevernlova § 4-12
A (advokat Målfrid Ølberg) mot X kommune (advokat Kjell Holst Sæther) og B (advokat Odd Rune Torstrup)

Rt-2006-1308

Dommere: Gussgard, Tjomsland, Matningsdal, Flock, Schei

Fylkesnemnda gjorde i 2004 vedtak om omsorgsovertaking av ei jente pike som då var ca. 14 år gammal og budde i lag med mor si. Grunnen var at det var meldt om fysisk og psykisk mishandling. Tingretten og lagmannsretten stadfeste vedtaket. Det same gjorde Høgsterett.

Til Høgsterett sa mora at den psykologen som vart oppnemnd som sakkunnig for dei tidlegare rettane, var inhabil fordi ho etter oppmoding frå kommunen hadde gjeve ein sakkunnig rapport om saka før handsaminga i fylkesnemnda. Motsegna førde ikkje fram. Etter eit akuttvedtak om omsorgsovertaking hadde barneverntenesta i brev til mors advokat sagt at dei ville få lagt eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag for fylkesnemnda med å undersøkja omsorgsevna til mora. Ingen reiste motlegg mot dette eller mot valet av sakkunnig. Høgsterett meinte det var naturleg å sjå det slik at partane den gongen var samde om den oppgåva psykologen fekk som sakkunnig. I grunngjevinga er det merknader om forståinga av domstollova § 242, jf. § 106 nr. 6 og § 108. Høgsterett la til grunn at jenta var vorten både fysisk og psykisk mishandla, og at vilkåra for omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-12 fyrste ledd bokstavane a og d var stetta. Det vart lagt til grunn at jenta sjølv ynskte å flytta heim til mora. Høgsterett ville leggja stor vekt på dette, men sa at kva barnet meiner, ikkje kan telja like mykje i saker etter barnevernlova som i saker etter barnelova. Slik saka stod, kunne ikkje jenta si meining åleine vera avgjerande, og dommen til lagmannsretten vart stadfest.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen