Spørsmål om godkjenning av overføring av driftseining etter reindriftslova

08.11.2006, HR-2006-01885-A, (sak nr. 2006/744), sivil sak, anke

Reindriftslova § 4

John Samuel Utsi (advokat Trond P. Biti) mot staten v/Landbruks- og matdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Atle J. Skaldebø-Rød)

Rt-2006-1382

Dommere: Utgård, Sverdrup, Endresen, Matningsdal, Schei

Spørsmålet i saka var om eit vedtak gjort av Landbruksdepartementet om omgjering av vedtak om godkjenning av overføring av driftseining etter reindriftslova § 4, var ugyldig. Samuel Per Utsi hadde i april 2003 overført retten til driftseininga til syskenbarnet John Samuel Utsi. Då John Samuel Utsi ikkje var i så nær slekt at han kunne overta eininga utan samtykke frå områdestyret, søkte han om godkjenning etter § 4. I søknaden vart det uttala at det ikkje var ei ny driftseining. Områdestyret godkjende dette.

Reindriftsstyret omgjorde vedtaket av eige tiltak etter forvaltningslova § 35 andre ledd, jf. første ledd. Klage til Landbruksdepartementet over omgjeringa førte ikkje fram. Grunnlaget for omgjeringa var at departementet la til grunn at det "ikke har vært en driftsenhet" eller med andre ord at Samuel Per Utsi ikkje hadde noka driftseining 3. april 2003. Dersom Samuel Per Utsi ikkje lenger hadde driftseining, var det fordi han hadde avslutta bruken ved at han slakta dei siste reinsdyra i 1999-2000, og at han deretter ikkje hadde sendt årlege meldingar om reindrift. Høgsterett har i dommen ein del generelle merknader om retten til driftseining. Mellom anna blir det vist til at retten har skadebotrettsleg vern, og at han også gir ein rett for den nære familien til bruk og overføring, jf. reindriftslova § 4. Det er ingen særskilt regel om bortfall av retten til driftseining som følgje av avslutta drift eller manglande årlege meldingar om reindrift. Det er ein regel om rett til å drive med fullmektig i to år, men denne regelen er kasuistisk og seier heller ikkje noko om konsekvensane ved manglande avslutning etter ein periode. Lova har såleis ingen reglar om bortfall på desse grunnlaga. Staten gjorde gjeldande, og hadde fått medhald i dette av lagmannsretten, at det likevel var grunnlag for bortfall når reglane vart sett i samanheng, med andre ord ein systemsynsmåte. Høgsterett uttala at kravet til lovheimel vil kunne variere. Denne saka gjeldt viktige næringsinteresser og det innanfor ei næring som er kulturberande. Det var lite tilfredsstillande å måtte søkje støtte i vanskeleg tilgjengelege systemvurderingar. Særleg måtte det gjelde på eit område som går inn under Tilleggsprotokoll 1 artikkel 1 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som gjeld retten til eigedom. Denne artikkelen stiller eit krav om at lova må fylle kvalitetskrav, og vere presis, tilgjengeleg og kunne gi grunnlag for å vurdere eiga rettsstilling. Det var såleis ikkje grunnlag i lova for at manglande drift og manglande meldingar i Samuel Per Utsi sitt tilfelle hadde ført til at han hadde tapt retten til driftseining. Staten gjorde også gjeldande subsidiære synsmåtar, som ikkje førte fram. Tingrettens dom som kjende omgjeringsvedtaket ugyldig, vart etter dette stadfesta.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen