Høve til gjennomskjering

7.12.2006, HR-2006-02054-A, (sak nr. 2006/558), sivil sak, anke

Skattelova § 13-1

A (advokat Bettina Banoun) mot staten v/Akershus fylkesskattekontor (advokat Per Sandvik)

Rt-2006-1573

Utgård, Oftedal Broch, Bruzelius, Sverdrup, Tjomsland

Hovudspørsmålet i saka var om det var høve til gjennomskjering etter skattelova § 13-1 i eit ansvarleg selskap der ein deltakar hadde arbeidd for selskapet utan arbeidsgodtgjersle, og kva som i tilfelle var verknadene av slik gjennomskjering i høve til reglane i skattelova. Saka reiste også spørsmål om tilleggsskatt. Prøvinga gjalt likninga for 2001, etter dei reglane som gjaldt då.

I det ansvarlege selskapet var A deltakar med 33 prosent, ektefellen med 33 prosent og denne si søster hadde dei resterande 34 prosenta. Likning skulle då skje etter reglane for deltakarlikna selskap dersom det var interessefellesskap mellom desse, jf. skattelova § 13-1.

Høgsterett kom til at skattelova § 13-1 gav heimel for gjennomskjering i eit tilfelle der ein lege hadde arbeidd for det ansvarlege selskapet det første halvåret etter etableringa i eit omfang som var verdsett til 200 000 kroner. Det kunne ikkje vere avgjerande at det er opp til deltakarane sjølve å avtale delingshøvet, og også spørsmålet om godtgjersle. Spørsmålet om interessefellesskap vart avgjort ut frå dei omstenda som gjaldt det ansvarlege selskapet. Det vart vist til at disposisjonar i selskapet då også får direkte konsekvensar for alle deltakarane.

Konsekvensen av gjennomskjering må vere at A måtte tilordnast summen på 200 000 kroner som arbeidsgodtgjersle. Han kunne ikkje kome i ei betre stilling enn om han hadde gitt opp denne summen på vanleg måte.

Høgsterett kom til at det ikkje var grunn til å endre tilleggsskatten på 30 prosent som var fastsett av lagmannsretten.

Les avgjørelsen i sin helhet

Til toppen