Fraktførars ansvar ved feil utlevering av transportert gods

01.06.2006, HR-2006-00938-A, (sak nr. 2005/1353), sivil sak, anke
Vegfraktlova § 27 jf. §31
Thermo-Transit Norge AS, Codan Forsikring AS (advokat Trond Eilertsen) mot Gjensidige NOR Forsikring (advokat Stein Hegdal)

Rt-2006-678

Dommere: Stang Lund, Tønder, Bruzelius, Coward og justitiarius Schei

Lofoten Fish Export gjorde i mars 2001 avtale om levering av salta torsk til Nord King i Laredo i Spania. Men fakturaen skulle sendast til Bacalao Barrio med adresse Valle de Trapaga. Så gjorde LFE munnleg avtale med Thermo-Transit Norge om biltransport av torsken til Spania. LFE ferda i slutten av mars 2001 ut eksportfaktura til TTN, der Bacalao stod som betalingsadressat (invoice address) og leveringsadresse (delivery address) var Nord King i Laredo. Men ved utfylling av fraktbrevet vart ved eit mistak Bacalao òg oppførd som leveringsadressat. Den 30. mars 2001 vart fisken i samsvar med fraktbrevet levert til Bacalao i Valla de Trapaga om lag ein times køyring frå Laredo. Selskapet tok imot og tok vare på lasta utan å betale.

Gjensidige NOR Forsikring, som hadde dekt tapet til LFE, reiste i mars 2002 sak for Vesterålen tingrett, som dømde TTN og forsikringsselskapet deira, Codan Forsikring, til åleine eller solidarisk å betale Gjensidige NOR Forsikring kjøpesummen på 820 144 kroner. Lagmannsretten stadfeste dommen til tingretten. TTN og Codans anke til Høgsterett førde ikkje fram. Høgsterett meinte at utlevering av transportert gods til gale selskap på galen stad var vesentleg misleghald av transportavtala, og at feilføringa var klårt aktlaus. Då spørsmålet om relevant årsakssamanheng mellom feilføringa og utleveringa til Bacalao var rettskraftig avgjort av lagmannsretten, var Bacalao ansvarleg for LFEs tap på 830 144 kroner med mindre det fanst grunnlag for ansvarsfridom eller skjønnsfordeling av ansvaret. Høgsterett sa at vegfraktlova § 27 jf. § 31 kunne tolkast slik at fraktførars tilnærma objektive ansvar omfattar at transportert gods blir utlevert til galen adresse eller galen mottakar. Men i denne saka trong ein ikkje ta stilling til bruken av § 27. Det var heller ikkje grunnlag for ansvarsfridom etter vegfraktlova § 28 eller vanlege obligasjonsrettslege reglar om kontraktsparts eigen feil. Ei subsidiær partsutsegn om skjønnsfordeling av ansvar etter vegfraktlova § 30 førde heller ikkje fram.

Les heile avgjerda

Til toppen