Ansvarsfråskriving i vilkåra for tilknyting til kommunalt vass- og avløpsnett

Høgsteretts dom 19.3.2007, HR-2007-00522-A, (sak nr. 2006/1335), sivil sak, anke
Forureiningslova § 24 a og avtalelova § 36
Rune Kvale og If Skadeforsikring NUF (advokat Jørgen Svartebekk) mot Stavanger kommune (advokat Guttorm Jakobsen)

Dommarane: Stang Lund, Bruzelius, Endresen, Utgård, Lund

Den 29. juni 2003 regna det kraftig i Stavanger. Nedbøren førte til tilbakeslag av avløpsvatn og dermed overfløyming. Huset var forsikra i If, som betalte ut ca. 80 000 kroner for utbetring av skaden. Eigaren dekte eigendelen med 24 000 kroner. If og Kvale reiste i januar 2005 sak for Stavanger tingrett og kravde regress og erstatning med til saman 115 221 kroner. Tingretten tok kravet til følgje, mens lagmannsretten etter anke frå kommunen frikjende kommunen. If og Kvale anka lagmannsrettens lovbruk til Høgsterett.

 

Høgsterett fann at forureiningslova § 24 a om ansvar for avløpsanlegg kunne fråvikast. Ansvarsfråskrivinga i dei kommunale vilkåra for tilknyting måtte vere bindande for Kvale til liks med andre huseigarar i Stavanger. Det hadde i lang tid vore tilknytingsplikt til det kommunale vass- og avløpsnettet i Stavanger kommune. Vilkåra blir ikkje tilpassa dei behova den einskilde eigaren har. Slike vilkår kan ikkje samanliknast med standardkontraktar og avtaler mellom private.

 

Eit krav om at ansvarsavgrensinga måtte setjast til side etter avtalelova § 36, førte heller ikkje fram. Innanfor ramma av lov og forskrift avgjer kommunen vilkåra for tilknyting til avløpsanlegget og fordeler risiko og ansvar mellom kommunen og brukarane. Fritak for ansvar for skadar ved overfløyming som følgje av meir nedbør enn det avløpsleidningane er dimensjonerte for, kan ikkje reknast som urimeleg. Ein må sjå ansvarsavgrensinga i samanheng med at abonnentane har høve til å forsikre seg mot slike skadar og setje i verk tiltak for å avverje eller avgrense skaden.

 

Til slutt blei det føydd til at forbrukarvern og sensur av urimelege avtalevilkår mellom forbrukar og næringsdrivande har mindre plass i dei tilfella ein kommune eller andre tek hand om fellesoppgåvene og utgiftene blir fordelte på og dekte av dei tilknytte eigedommane. Det skal mykje til for at ein eller nokre få eigarar av tilknytte eigedommar ved hjelp av avtalelova § 36 kan få omfordelt rettar og bører i fellesskapet.

 

Til toppen