Rett til uføreytingar

Høgsteretts dom 21.12.2007, HR-2007-02151-A, (sak nr. 2007/693), sivil sak, anke
Folketrygdlova kapittel 12
Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Erlend Haaskjold) mot A (advokat Ståle Myhre)

Rt-2007-1815

Dommarane: Utgård, Indreberg, Øie, Matningsdal, Gussgard

Rett til uføreytingar etter folketrygdlova kapittel 12. Bruk av nye omstende i høve til tidspunktet for behandling i Trygderetten. Prøvingsintensitet.

Saka gjaldt overprøving av orskurd frå Trygderetten, der vedtak om å avslå krav om uføreyting etter folketrygdlova kapittel 12 vart avslått. I folketrygdlova § 12-5 er det fastsett at ”med mindre åpenbare grunner tilsier at attføring ikke er hensiktsmessig, kan ytelser etter dette kapitlet bare gis dersom vedkommende har gjennomført eller har forsøkt å gjennomføre et individuelt og hensiktsmessig attføringsopplegg uten at inntektsevnen er bedret”.

Høgsterett viste til at vedtak om rett til slike ytingar er heilt lovbundne. Skjønna som ligg til grunn for vedtaka, er såleis rettsbruksskjønn. Domstolane kan då etter lov om Trygderetten § 23 første ledd prøve også dette skjønnet.

Lagmannsretten hadde ved prøvinga ikkje trekt noko avgjerande skilje mellom opplysningar som låg føre for Trygderetten og opplysningar som kunne seiast å vere nye. Høgsterett uttala at dette var feil, og at det avgjerande måtte vere det faktum som låg føre for det aktuelle organet på vedtaktstidspunktet. Det er likevel eit visst høve til å ta omsyn til seinare bevis som kastar lys over dette faktumet.

Høgsterett uttala at sjølv om det var tale om rettsbruksskjønn også ved prøvinga av vilkåra i § 12-5, er det tale om faglege spørsmål innanfor attføring og medisin. Det for er slike spørsmål likevel rett å vere varsame med å overprøve Trygderetten. Høgsterett kom til at det ikkje var grunnlag for å seie at Trygderetten hadde handla feil her, og la til grunn det vanlege prinsippet for prøvingsintensitet.

Høgsterett såg ved prøvinga bort frå eit par nye omstende som lagmannsretten hadde bygd på.

Det var etter dette ikkje grunn til å oppheve Trygderettens avgjerd, når retten hadde kome til at det skulle prøvast attføring før det eventuelt var grunnlag for å gi medhald i kravet om uføreytingar.

Les heile avgjerda

Til toppen