Spørsmål om vederlag betalt ved bruk av festerett

Høgsteretts dom 13.3.2007, HR-2007-00493-A, (sak nr. 2006/1686), sivil sak, anke
Tomtefestelova § 6
Torbjørn Abusdal (advokat Helge Tofte) mot Johan Bernt Michelsen (advokat Helge Wigemyr)

Rt-2007-385

Dommarane: Øie, Matningsdal, Skoghøy, Sverdrup, Tjomsland

 

Saka gjaldt spørsmålet om eit vederlag som var betalt i samband med overtaking av ein festerett, var i strid med forbodet mot å krevje innfestingsavgift i tomtefestelova § 6.

 

Tingretten hadde komme til at vederlaget var ei ulovleg innfestingsavgift, mens lagmannsretten kom til motsett resultat. Høgsterett stadfesta dommen i lagmannsretten.

 

Høgsterett fann at forbodet mot innfestingsavgift i tomtefestelova § 6 andre ledd første punktum berre gjeld når ein bortfestar etablerer eit nytt festeforhold, og ikkje ved overføring av ein festerett frå ein festar til ein annan. Etter Høgsteretts syn fell også vederlag som ein festar mottek for å gi avkall på festeretten sin – slik at bortfestaren kan inngå avtale med ein ny festar – utanfor forbodet.

 

Høgsterett meinte det var mest naturleg å rekne den overtakinga av festerett som hadde skjedd i denne konkrete saka, som nyskaffing av ein festerett og ikkje som overføring av ein tidlegare festerett. Ein kontantsum som festerettsovertakaren hadde betalt til den tidlegare festaren, måtte vere å sjå på som vederlag for at den tidlegare festaren skulle gi avkall på festeretten sin. Vederlaget var følgjeleg ikkje i strid med tomtefestelova § 6.

Les heile avgjerda

Til toppen