Krenkelse av privatlivets fred. Ytringsfrihet.

Høgsteretts dom 07.05.07, HR-2007-00823-A, (sak nr. 2006/1380), sivil sak, anke over dom

Rt-2007-687

Dommarar: Utgård, Oftedal Broch, Bruzelius, Tønder og Gjølstad

Krenking av privatlivets fred. Tilhøvet til ytringsfridom. Norma i straffelova § 390.

Saka gjaldt krav på økonomisk oppreising etter tre reportasjar i Se og Hør som vart gjorde gjeldande å innebere rettsstridig krenking av privatlivet.

Anette Young og Rodney Omdal Karlsen deltok våren 2001 i realityprogrammet Big Brother. Det var første gongen det var sendt eit program av denne typen i Noreg. Programmet vekte stor interesse. Ikkje minst gjaldt dette i høve til Young og Karlsen. Desse vart kjærestar i løpet av programmet. Eitt av innslaga som vart viste for publikum, synte at dei to hadde samleie under ei dyne. Innslaget varte i 17 sekund. Programmet varte i 100 dagar.

Etter at programmet var slutt, hadde Se og Hør reportasjar om Young og Karlsen. Dette var dels reportasjar der dei to medverka og også – i alle fall stort sett – fekk betaling frå Se og Hør. I tillegg var det nokre reportasjar frå tilstellingar dei to var med på. Etter sommaren 2002 er det ikkje dokumentert at dei to medverka i reportasjar. Det var likevel også etter dette nokre spreidde reportasjar i nokre aviser, mellom anna som følgje av at dei var med på premierefestar og liknande.

Se og Hør hadde så reportasjar i tre påfølgjande nummer sommaren 2003, der hovudtemaet var at det hadde skjedd eit dramatisk brot mellom dei to. I den tredje reportasjen vart det skrive at Karlsen hadde hatt fleire ”hete stevnemøter” med ei jente frå Skien.

Young og Karlsen kravde økonomisk oppreising for krenking av privatlivets fred. Høgsterett gav dei – til liks med tidlegare rettar – medhald i dette, og påla Se og Hør Forlaget AS å betale 160 000  kroner til kvar, ansvarleg redaktør å betale 30 000 kroner til kvar og to journalistar å betale samla 40 000 kroner. Young og Karlsen fekk også tilkjent sakskostnader for alle rettar.

Høgsterett kom til at det måtte leggjast til grunn at dei tre omtvista artiklane var publiserte utan samtykke. For at krenkinga av privatlivets fred skulle utløyse krav på økonomisk oppreising, måtte artiklane i tillegg vere rettsstridige. Rettsstridskravet etter straffelova § 390 må forståast slik at det samsvarar med krava i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 om rett til privatliv og artikkel 10 om ytringsfridom. Ved vurderinga vart det særleg vist til EMDs dom av 24. juni 2004, von Hannoverdommen, som gjaldt publisering av bilde av prinsesse Caroline, dotter av statsoverhovudet i Monaco. Dommen inneheld ei balansering av omsynet til vern av privatlivet og rett til ytringsfridom. Det heilt sentrale når det gjeld vern av privatlivet er om eit oppslag gir eit tilskot til ein debatt av allmenn interesse. Artikkel 10 har si særskilde slagkraft innanfor samfunnsdebatten. Når det gjeld publisering om personlege forhold og då ikkje minst slikt som gjeld heilt private relasjonar mellom to personar som ikkje har posisjonar i politikk eller samfunnsliv, er ein klart utanfor det området som reglane om ytringsfridom siktar på å regulere.

Reportasjane gjekk inn på heilt private tilhøve. Det gjaldt for spørsmålet om eit mogeleg brot i forholdet mellom dei to, og det gjaldt i heilt særleg grad spørsmålet om ”hete stevnemøter”.

Det kunne vere at det måtte vere høve til nærgåande omtale av dei to under Big Brothersendingane og også ei tid etter dette. Det same kunne ikkje gjelde to år etter at sendingane var slutt og om lag eitt år etter at dei hadde slutta å gi intervju.

Ved utmålinga av oppreisinga vart det vist til at artiklane var krenkande. Ved fastsetjinga vart det også lagt vekt på at det her var tale om stoff som det ofte blir betalt for, noko som også var gjort tidlegare i høve til Young og Karlsen. Beløpa burde så setjast høgare enn det som ville vore vanleg betaling. I tillegg vart det vist til at det var tale om eit blad med stort opplag, og at oppslaga låg innanfor kjerneområdet til bladet. Høgsterett fann derimot ikkje å kunne leggje til grunn ein synsmåte frå Young og Karlsen om at oppreisinga måtte fastsetjast ut frå vinninga til Se og Hør Forlaget, målt som forteneste per år delt på sidetal i bladet.

Les avgjørelsen i sin helhet 

 

Til toppen