Straffutmåling for grovt ran

Høgsteretts dom 7.12.2007, HR-2007-02061-A, (sak nr. 2007/1516), straffesak, anke
Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Lars Erik Alfheim) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen)

Rt-2007-1746

Dommarane: Indreberg, Øie, Tjomsland, Matningsdal, Schei

Saka gjaldt straffutmåling for grovt ran og ein del andre forhold. Spørsmålet var særleg om det var grunnlag for å gi samfunnsstraff.

Den 22 år gamle A var funnen skuldig i grovt ran av ei daglegvareforretning, to grove tjuveri frå hytter, eitt bilbrukstjuveri og fem bensintjuveri. Tingretten hadde dømt han til fengsel i eitt år, av dette skulle 120 dagar vere på vilkår. Lagmannsretten hadde under dissens dømt A til 360 timar samfunnsstraff, med ei subsidiær fengselsstraff og gjennomføringstid på eitt år.

Høgsterett tok omsyn til anken frå påtalemakta og sette straffa til fengsel i eitt år. Ved straffutmålinga vog ranet av daglegvareforretninga tyngst. Høgsterett har i fleire saker gitt uttrykk for at det som eit klart utgangspunkt skal reagerast med fengsel utan vilkår i slike saker, jf. særleg Rt. 2005 side 573, der det også er uttrykt at det skal heilt spesielle grunnar til for å kunne reagere med samfunnsstraff. Dei seinare års endringar i straffelova § 28 a og forarbeidsfråsegner i den samanheng viser at lovgivarane ønskjer auka bruk av samfunnsstraff, men dei gir ikkje haldepunkt for å fråvike kravet om at det ved grovt butikkran må vere heilt spesielle vilkår for at samfunnsstraff skal vere aktuelt. Dei forholda som talte for samfunnsstraff i denne konkrete saka, blei ikkje rekna for å ha tilstrekkeleg tyngd til å underbyggje bruk av slik straff. Livssituasjonen til den domfelte hadde forandra seg lite sidan ranstidspunktet.

Les heile avgjerda

Til toppen