Straffutmåling ved aktlaust drap

Høgsteretts orskrud, 10.12.2007, HR-2007-02075-A, (sak nr. 2007/321), straffesak, anke
Straffelova § 239 og arbeidsmiljølova § 86
A (advokat Christian Wiig) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Thornæs)

Rt-2007-1774

Dommarane: Stabel, Sverdrup, Tønder, Flock, Tjomsland

Straffutmåling ved aktlaust drap, påkøyrsel under leik med småbåt.

Under ein pause i arbeidet ved eit torskeoppdrettsanlegg følgde A og ein arbeidskamerat i kvar sin raske plastbåt etter eit dykkarfartøy  – ein katamaran – som hadde hatt oppdrag på anlegget. Formålet var å more seg med å hoppe i hekkbølgjene etter den større båten. I høg fart køyrde dei opp på kvar si side av dykkarfartøyet, snudde og køyrde tilbake. Båtane kom på kryssande kurs, og A, som hadde vikeplikt, køyrde på båten til kameraten, noko som førte til at kameraten omkom. A blei både i tingretten og i lagmannsretten dømd til fengsel utan vilkår i 30 dagar for aktlaust drap.

Høgsterett forkasta anken over straffutmålinga. Køyringa var svært farleg på grunn av den høge farten. Dei kunne ikkje sjå kvarandre frå kvar si side av den kompakte katamaranen, og faren for samanstøytar i samband med snumanøveren må ha vore openberr. At den omkomne var med på leiken og også oppførte seg aktlaust, var det teke tilstrekkeleg omsyn til ved at straffa ikkje var strengare. Det låg ikkje føre særskilde omstende som tilsa bruk av samfunnsstraff eller på annan måte nedsetjing av straffa.

Les heile avgjerda

Til toppen