Straffutmåling etter påkøyrsel

Høgsteretts orskurd 17.12.2007, HR-2007-02121-A, (sak nr. 2007/1620), straffesak, anke
Straffelova § 239 og vegtrafikklova § 31
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Knut H. Kallerud)

Rt-2007-1790

Dommarane: Flock, Stabel, Sverdrup, Endresen, Stang Lund

Midt på dagen ein sommardag i 2006 førte A ein bil i eit bustadområde i Bodø. I eit vegkryss skulle han svinge til venstre. Han blei då for seint merksam på ein fotgjengar som gjekk i fotgjengarfeltet over den vegen han skulle svinge inn på. Fotgjengaren blei treft av fronten på bilen og døydde seinare same dag som følgje av skadane.

Påtalemakta tok ut tiltale for brot på straffelova § 239 og vegtrafikklova § 31 jf. § 3. Mot røysta til rettsformannen blei A frikjend i tingretten. Etter anke frå påtalemakta blei han i Hålogaland lagmannsrett dømd til fengsel i 30 dagar. A anka til Høgsterett over straffutmålinga.

Høgsterett gjekk ut frå at A under nedbremsinga fram mot krysset først og fremst hadde merksemda retta mot eventuell trafikk frå høgre. Når han likevel køyrde vidare i sving mot venstre og over det kryssende gangfeltet utan å ha registrert fotgjengaren, viste det at han under denne delen av køyringa ikkje kunne ha hatt merksemda retta framover og mot venstre. Han braut då klart vikeplikta for gåande i fotgjengarfeltet. Det var ikkje tale om den typen aktløyse som alle bilistar kan gjere seg skuldig i frå tid til anna. Dette blei understreka ved at domfellinga også omfatta straffelova § 239. Aktlaus køyring av denne typen må straffast med fengsel utan vilkår, og anken blei forkasta.

Les heile avgjerda

Til toppen