Spørsmålet om samværsrett for far til ei dotter på ni år

Høgsteretts dom 19.06.2007, HR-2007-01101-A, (sak nr. 2007/130), sivil sak, anke
Barnelova § 42
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot B (advokat Thor Einar Kristiansen)

Rt-2007-967

Dommarane: Utgård, Indreberg, Endresen, Skoghøy, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om samværsrett for far til ei dotter på ni år som far aldri har budd saman med.

 

B vart hausten 1997 gravid utan at ho hadde noko fast eller definert forhold til barnefaren A. Sommaren og hausten 1999 hadde A samvær med dottera 6–8 gonger med om lag 2–3 timar kvar gong. Etter krav frå B fann samværa stad hos mor til A, som B på dette tidspunktet hadde kontakt med. A ønskte etter kvart å ha samvær med dottera utan slikt tilsyn. Foreldra vart ikkje samde om noka slik ordning. A har ikkje hatt samvær med dottera sidan 10. oktober 1999.

 

A har seinare ved ulike høve kontakta B, med sikte på å oppnå samvær. Ho har gitt uttrykk for at ho ikkje er i stand til å tole belastningane ved samvær.

 

Høgsterett kom til at A skal ha rett til samvær. Det må til vanleg reknast med at det er til det beste for barnet å ha samvær også med ein far eller ei mor som barnet ikkje har budd saman med. Det skal ganske tungtvegande grunnar til for å nekte slikt samvær. Motsetnader mellom foreldre, engsting for barnet og liknande skal til vanleg ikkje hindre samvær.

 

Dottera var her interessert i samvær med far og også med halvsøstera. Far har etablert ein trygg og roleg familiesituasjon med ordna arbeids- og butilhøve. Det var ingen omstende på far si side som skapte problem.

 

Lagmannsretten la til grunn at mors negative haldning til samvær hadde samanheng med enkelte personlegdomstrekk hos henne. Rettssaka hadde forsterka helseproblema. Ei gjennomføring av samvær ville innebere stor belastning for henne og kunne føre til at omsorgsevna vart klart redusert.

 

For Høgsterett var det oppnemnt to psykologspesialistar som sakkunnige. Dei tilrådde samvær ut frå omsynet til dottera. Dei uttala at mor har ei personlegdomsfungering prega av sterk grad av mistenksomheit og psykisk utstabilitet i sine rollemønster. Den underliggjande psykologiske faktor var forankra i henna personlegdomstrekk og ville før eller seinare gitt samværsnekt som resultat. Dei uttala at det var vanskeleg å seie på førehand om samvær mellom far og barn reint faktisk ville forverre mors helse.

 

Høgsterett uttala at det ikkje utan vidare kunne leggjast til grunn at gjennomføring av samvær ville føre til forverra helsetilstand for mor med følgjer for omsorgsevna. Det var i alle fall spørsmål om kor stor vekt omsynet til mor skulle ha. Dottera hadde gått inn i ei omsorgsrolle for mor, og var i ein problematisk situasjon. Det var eit sterkt behov for at ho får høve til samvær med far og hans familie, som det måtte leggjast til grunn er ein alminneleg og velfungerande familie.

 

Høgsterett gav rett for far til samvær frå 1. august 2007. Etter ei kort opptrapping, vart det fastsett nærare omfang av samvær frå 24. august 2007. Det vart fastsett samvær anna kvar helg, og dessutan samvær i anna kvar haust-, vinter- og påskeferie, anten jule- eller nyttårshelga og dessutan med i alt fire veker kvar sommarferie.

 

Les heile avgjerda

 

Til toppen